Klokka er snart 21.30, og denne dagen har gått over i historia. Ute regnar det, grått og trist er det, men vêrmeldinga lovar sol og sommar over helga.
I dag var eg sikker på at det var laurdag og hadde ikkje lagt opp til spesielle aktivitetar. Men ein ting gjorde eg, eg begynte å rydde i kjellaren. Bar opp flasker og sylteglas som skulle i iglooen. Må ha ei skikkelig opprydding i "matbuda"- så då er det godt å få vekk noko rot først. Så var vi nedover og handla og då gikk det endelig opp for meg at det var fredag.
Var innom biblio og henta ei flunkande ny lydbok, dei er så greie at dei legg dei nye bøkene til sides til meg, dei veit at eg har lese alle dei gamle. Så eg har rippa Jo Nesbø si bok "Politi", så den ligg på datamaskina. Dei kan få att originalen i morgon om så er.
Nils har kjøpt ny kjede til motorsaga i dag.
Så har eg lese ei plate av den boka eg held på med, og begynt på siste plata.
No må eg sjå TV.
God helg til alle!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 21.oktober
Klokka er no17.05, temperaturet ute er +14 graderC, det er skya men opplett. Det er ikkje slik at eg er heilt bra i foten, men eg har funn...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
3 kommentarer:
Litt av ein service på biblioteket i Ørsta. Kvar tek dei pengane frå til drifta? Her skal biblioteket serve både EVG/andre skular + publikum, men det er lite nytt når det gjeld lydbøker. I vinter har eg kosa meg med ein del gamle klassikere, kjekt det også. Du har vel lese Gjenferd før du byrjar på Politi?
Biblioteka i både Volda og Ørsta har god service for oss VIP-lånarar. Eg fekk melding ein måndag om at ei bok eg hadde spurt etter var koma, og då eg lånte den, sa bibliotekaren at ho hadde sendt meldinga sidan ho visste eg brukte å kome innom på måndagar etter jobb.
Nei, Bodil, trur ikkje eg har lese Gjenferd. Lenge sidan eg har lese Jo Nesbø. Og så er eg håplaus når det gjeld å hugse boktitlar.
Legg inn en kommentar