onsdag, mai 29, 2013

Dagbok 2013: 29.mai.

Gratulerer med 13-årsdagen, Amanda.

Klokka er ca halv åtte. Ute skin sola og det er + 24 grader i skuggen.
Eg kom nettopp heim frå pensjonistmøte, gikk frå Kulturhuset og heim, så eg kan ikkje seie at eg fraus akkurat.
Då vi var på Kulturhuset frå klokka 12.00 og utover, dekka bord og ordna til, hadde vi mistanke om at det vart få frammøtte i finevêret, men der tok vi jammen feil. Det kom fleire enn vi hadde dekka til, det har aldri hendt før. Kjekt var det!
Nils køyrde meg ned og eg venta utanfor til den nybakte tenåringen kom til ballettøving. Så eg fekk knipsa eit heilt fersk bilde.
Nils tok med seg Eirik heim, og vidare til Høddvoll; Margrete og Erlend gikk tur med Lucas, hunden som dei passar for tida.. Eg er ikkje sikker på kva tid kampen skulle begynne, og kva tid det er slutt.Men det nærmar seg vel.Veldig kjekt at det vart finevêr i dag, i alle fall, slik at dei foballinteresserte fekk ei kjekk oppleving.
Så har eg berre att å skrive referat frå møtet i dag, så har eg ferie til i august ein gong.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Utruleg kor tida går, Amanda stor og fin tenåring.
Eidabesta

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...