søndag, mai 26, 2013

Dagbok 2013: 26.mai

Klokka slo nettopp seks (18.00), temperaturen ute er + 13 grader C og skodda ligg nesten like sid som før. Veit ikkje kva som gjer det- eg blir heilt "sprø" av skodde. Men det er kanskje greitt at det ikkje regnar, for så kjem ein seg i alle fall ut på tur.
I dag gikk vi tur i eit veldig populært område, og vi møtte kjentfolk både med og utan hest,hund og sykkel. Eg har vore i området før, men ikkje gått den ruta som vi gikk i dag.
Først køyrde vi fram til Askjelhaugen (gravplass) og parkerte der. Så gikk vi opp på vegen som går til Mossetra, der gikk vi ofte før, men no var vegen utbetra og utvida.Det er mange som har hytte der framme og ein kan køyre heilt fram med bil. Men vi gjekk altså, og der er flatt og fint lant framover. På andre sida av elva (Rossåa) går vegen til Nupen og Vallasetra, der det også er bilveg, men ikkje så fin som på Mossida.
Vi kunne sjå over til andre sida av elva til huset der vi budde ein gong.

Vi gikk fram til ein gammal gardfjøs, der det gjekk ein sti ned mot elva, så der "snudde" vi.
Det var fint å gå på stien også, og over alle små-elvar og bekkar var det laga bruer, så vi gjekk tørrskodde heile vegen. Eg har vore i området, som blir kalla Dalateigane fleire gonger, men det er lenge sidan. Hugsar eg var der med Ingeborg og Eirik den sommaren Amanda var baby, då fann vi ein skog vi kalla Trollskogen. Elles har eg vore her med skuleklasser.
Men området er større enn eg visste, heilt urtrulig at det ikkje har vore dyrka der frå gammalt av, så store flater som der er. Vi møtte ein av grunneigarane som vi kjenner, og han tipsa oss om ein sti som gikk heilt ned att, langs elva. Så slapp vi å gå opp att på bilvegen. Det var ein veldig fin og lett tur, men lang NOK for meg.







Då vi kom heim laga vi fiskesuppe, noko som alltid går ned på høgkant, og så fekk eg endelig legge meg på sofaen med lydboka mi. Fekk ikkje med meg mykje av det eg "las", så eg må nok ta ein runde til.Då eg skulle reise meg opp att, hadde eg slik krampe i beina at eg hylte, men det kom seg etter kvart.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...