søndag, april 07, 2013
Bok nr.18 - 2013: De sørgende.
I august 2007 setter Arnold Morinder seg på mopeden for å kjøre til bensinstasjonen og kjøpe en avis. Siden er det ingen som har sett ham. De fleste mistenker at han er utsatt for en forbrytelse fordi hans samboer, Ellen Bjarnebo, tidligere er dømt for mord og har sittet 17 år i fengsel. Men Morinder forblir borte, og så lenge han ikke blir funnet, står etterforskningen i stampe. Gunnar Barbarotti har vært i permisjon siden han mistet sin kone. Da han kommer tilbake på jobb, blir han satt på den gamle forsvinningssaken.
Det handler om en politimann som prøver å overleve sin dype sorg, og om en kvinne som har lært å leve med sin. Det handler også om to gamle politisaker som kunne ha vært håndtert bedre, og en reise gjennom Sverige for å oppklare en såkalt «cold case».
Dette er den femte og siste boken om politimannen Gunnar Barbarotti fra Kymlinge.
Eg har lese alle fem bøkene og likt dei veldig godt. Sjølve kriminalsakene er greie nok, men det er etterforskaren Gunnar Barbarotti og familien hans, som er det mest interessante. Eller aller helst den snille, velmeinande etterforskaren sjølv, som virkar så barnlig og tilforlatelig. Det er tankane og funderingane hans eg er så svak for. Det at han ser menneska bak brotsverka, og forstår at dei handla som dei gjorde, og kanskje ikkje skal ha meir straff enn det vonde dei alt har opplevd? Han snakkar mykje med Vårherre og les i sin Bibel for å finne vegleiing der.
I denne boka dør den kjære kona hans, Marianne, og no har han også henne å snakke med. Og somme gonger svarar ho! Ein gong oppdagar han at han går på gata og samtalar med Marianne, og vert litt flau når det går opp for han kva han gjer. Men det er vel ikkje verre det, enn at folk snakkar i mobil ? Eg synest det er trist at eg ikkje skal få møte att denne mannen og ta del i filosoferingane hans. Men han er ikkje død!
Språket i boka er fint og inneheld ein del seiemåtar som er ut om det vanlige.
Til tross for at eg var skeptisk til opplesaren gikk det fint.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024:22.desember
Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er grader C og det regnar litt småt...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
2 kommentarer:
Eg har sansen for språket - og ikkje minst refleksjonane hans!
Det same her. Desse enkle, barnlige tankane er så sjarmerande, eg ser han for meg som ein "kosebamse" av ein mann.
Ein "språkblomst i denne boka som eg har tenkt litt på: "hun la den andre foten over den andre". Eg trur ikkje det var feiltrykk.
Eg har skrive før at dette ikkje er krim, men "en roman om en forbrytelse"-det er noko anna, liksom.
Legg inn en kommentar