Då vi kom heim steikte vi ein porsjon fiskekaker til middag. Det var behov for litt lettare mat i dag.
Elles har det ikkje skjedd mykje. Etter at eg hadde kvilt ryggen på sofaen ei stund har eg site og strikka med lydbok på datamaskina.
Nils skal på eit lite møte i kveld.
Bildet over er frå hamna i Volda. Eg kan ikkje la vere å tenke at vi skulle hatt dette fine veret mens det var sommar; sjølv om det er fint om hausten er det ikkje heilt det samme.
Strikkegarnet Regia FJORD har skifta namn til AQUARIUS. Eg strikkar lestar av det, på pinnar nr.3. Likar godt dette garnet.
3 kommentarer:
Flott bilde av sjø og båtar. Lufta er klår og fin!
Så nydeleg!
Så nydeleg!
Legg inn en kommentar