torsdag, juni 07, 2012

Vêrmelding 7.juni - 2012

Klokka har passert 20.30, temperaturen er +22 grader C og vi har hatt ein strålande dag. Litt kald nordavind innimellom, akkurat passe vêr til å sole seg på altanen.
Før middag vaska eg golva etc, var ute ein liten tur også, men sidan eg var seint oppe, vart det ikkje så mykje om føremiddagen.. Etter middag la eg meg på altanen med lydboka og sovna som ein stein. Det er visst slitsomt med pensjonistturar?  Har vore utrulig lat i dag, men fekk i alle fall hengt ut ein klesvask. Ein må nyte og nytte fineveret mens det er her.
Seinare skulle både Nils og naboen klippe plenar, så då vart det ikkje råd å høyre lydbok. Nils har vore flittig ute i dag, men han ventar vel eigentlig på fiskever. I nordavinden bit ikkje fisken så godt.
I dag fyller Arild 50 år og vi gratulerer han med dagen!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.desember: GOD JUL

 Klokka er no 18.20, temperatur-målaren står på 0,  det er opplett-og på markane ligg det litt snø. Eg håper i mitt stille sinn at det ikkje...