torsdag, juni 07, 2012

Turen til Smøla 2.kapittel


Etter Kristiansund var det først ferje frå Seivika til Tømmervåg på Tustna, og etter at vi haddekøyrt over den øya og ei til tok vi ferja frå Sandvika til Edøy.Det vart ei lita stund å vente på Sandvika, så der fekk vi lufta oss litt.Det vart etter kvart mykje himmel og hav og utrulige skyformasjonar.
Edøya og nokre andre små øyar er bundne saman med sjølve Smøla med bruer. Det er tusenvis av småøyar rundt den store øya, og eit nokså ureint farvatn for å seie det mildt.Noko av det første vi ser når vi kjem med ferja, er den eldgamle Edøy kirke.
Vi køyrde langs sørsida av øya, og var så heldige at ein av deltakarane på turen var fødd og oppvaksen der, så han gaida og fortalde frå barndommen sin. Øya er eigentlig ei stor flat myr som ikkje kan dyrkast opp utan å øydelegge miljøet der. For å få den sure jorda dyrkbar hadde dei måtta bruke uante mengder med kalk. Langs kysten er det mange fine gardar, men nokså grisgrendt. I gamle dagar budde det ca 6000 menneske på øya, no bur der berre 2000. Øya var før delt i tre kommunar, no er det ein kommune.Men det er ein rik kommune, ikkje minst på grunn av dei 68  store vindmøllene som surrar rundt og lagar kraft.
Eg kom meg ikkje ut av bussen for å ta bilde, men det som var rart var at vi liksom hadde vindmøllene med oss heile tida. Sjåføren sa at det var fordi dei var så store at det såg slik ut.
Etter at vi hadde passert tettstaden Hopen, bar det nordvestover ut mot fiskeveret Veiholmen;vegen gikk over mange små øyar bundne saman med låge bruer og utfyllingar.
Eg veit ikkje kva eg eigentlig venta meg då vi kom fram til Veiholmen, men i alle fall ikkje at det låg ein liten "by" her ytst mot havet. Ein by med gater og hus som låg så tett saman at dei lett kunne sjå inn til kvarandre. For ei tid tilbake budde det ca 600 menneske på eit område som ikkje er særlig stort i areal. Her var lenge buplikt så her vart ikkje tidlig avfolka. Det er tre ting som gjorde at denne byen vaks opp i si tid, her var tilgang til drikkevatn og her var kort utror til fiskeplassane og så hadde dei ei trygg hamn . 
Vi pensjonistane vart fordelte på tre ulike hus, og her kan de sjå korleis vi budde:


              Badet er døra ved sidan av senga mi.
           Her er utsikta frå altanen vår.
           Og så hadde vi uteplass med raudmåla møblar i "bakgården".

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.desember: GOD JUL

 Klokka er no 18.20, temperatur-målaren står på 0,  det er opplett-og på markane ligg det litt snø. Eg håper i mitt stille sinn at det ikkje...