onsdag, mai 09, 2012

Vêrmelding 9.mai - 2012

Klokka er vel halv sju, og akkurat no kjem sola fram ei lita stund. Elles har det vore lettskya opphaldsvêr i dag. No er temperaturen +13 grader C.
Nils driv og ryddar ute og i garasjen, eg har styrt litt inne. Før middag var vi ein tur nedover og handla. Hugselappen låg att på kjøkkenbordet, som vanlig, så det blir vel ein tur i morgon også. Til middag i dag vart det steikt sei, men i morgon skal vi ikkje ha fisk. Då kjem Anne Marie og skal vere nokre dagar i samband med konfirmasjonen.
I går kontakta eg legen og ho gikk med på å gi meg ein penicillinkur til tross for at ho ikkje trudde det ville virke. Ho meiner eg har ein langvarig virusinfeksjon. Trøsta er at nokre av naboane har det på samme måten. Håper det ikkje er smittsomt, slik at alle i selskapet får det. Nils har i alle fall ikkje fått det. Enno i alle fall. Han skal på eit møte i kveld, elles skjer det ikkje så mykje.
Tok ein tur rundt huset for å finne eit fint motiv, men her var ikkje mykje å skryte av.Lenger ute i gata var det finare hagar. Eitt gode er det med denne lange ,kalde våren: Påskeliljene står leeeenge.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.desember: GOD JUL

 Klokka er no 18.20, temperatur-målaren står på 0,  det er opplett-og på markane ligg det litt snø. Eg håper i mitt stille sinn at det ikkje...