Klokka er snart halv åtte, temperaturen ute er + 9 grader, og så kom det litt regn - akkurat i det eg var på veg ut. Dagen starta med sol og fint ver, endelig. Men varde det? Nei.
Nils og eg starta dagen med å lage fiskepudding. Han fileterte fisken og mol den på gammaldags kjøttkvern, og så overtok eg og laga røra i foodprosessoren. Vi hadde fiskepudding med kvit saus til middag og det var kjempegodt.
Før middag var vi ein tur på biblioteket, eg var lens for lesestoff, for den boka om "Orkideens hemmelighet" makta eg ikkje å lese.
No har eg site ei heil stund og rippa bøker over på datamaskina mens eg strikka. Nils har vore ute og klipt plenar; der var ikkje mykje gras, mest blad frå visna løkplantar etc. Det vanlige er at vi klipper plenen to gonger før 17.mai. Trur ikkje det blir slik i år.
Eg hadde tenkt meg ut for å rydde litt i hagen, men så vart det altså regn. Sett slikt!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 29.mars
I går var her mange på besøk, men i dag var eg her åleine igjen, men eg lid inga naud på nokon måte, og i dag hadde eg rikeleg med god mat s...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar