onsdag, februar 23, 2011

Vermelding 23.februar - 2011


Klokka er no snart 13.00.Temperaturen er minus 1 grad C. Vi har framleis nydelig ver, men eit tynt skylag har begynt å legge seg over himmelen. Eg ville gå ein liten tur med sparken i dag også, etter at eg hadde støvsuga, og hadde tenkt ut ei løype med vegar som ikkje var strødde. Men det skar seg. Der hadde dei vore med strøbilen og pepra heile vegbreidda, så det vart eit strek i rekninga.Kom oss no gjennom ei lita runde, men kjende at eg i grunnen hadde fått nok for foten og hofta begynte å protestere.
No skal vi ha oss litt mat og om eit par timar må eg begynne å gjere meg klar til årsmøte i pensjonistlaget, då eg truleg blir valt til sekretær.Veit ikkje heilt korleis eg ser på det, mest som ei samfunnsplikt,trur eg. Elles synest eg sjølvsagt eg er altfor ung til å vere i lag, trur medlemsmassen ligg på pluss-minus 90. Men på den andre sida kan det vere greitt å føle seg blant dei yngste for ein gongs skuld.

1 kommentar:

Hildegard sa...

I dag har eg vore med Hilde og Henning inn til Elin. Aron kom etter ei stund, han er ein blid og god gut og han og Henning fann tonen. Vi fekk både lunsj og middag og hadde ein koseleg ettermiddag.
Då eg kom heim, gjekk Besten og eg ein luftetur med Viktor før kveldsmaten. No er det TV-kveld.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...