torsdag, juni 03, 2010

Bok nr.29 - 2010: Lykka er ein sjeldan fugl.

Det er tredje boka eg les av denne forfattaren.
Eg plar seie at alle bøker handlar i bunn og grunn om livet, døden kjærleiken og havet. No er ikkje havet fysisk til stades i denne  boka, men eg fann ut at "havet" kan nyttast som ein metafor for reiser, og reiser er her mange av, både i tid og rom.
Denne boka er på mange måtar mykje lik Saman er ein mindre åleine, men den er litt meir infløkt. Her er ein ekstern forteljar, men fordi mange av hovudpersonane fortel si eiga historie, kjem ein nær innpå dei.Kva boka handlar om kan de lese andre stader, det eg vil bidra med er mitt syn på dette konglomeratet av ein roman. Her er mange menneske og mange historier. Her er mykje sorg og sakn, men også kjærleik, glede og samhald. Hovudbodskapen, slik eg oppfattar den, er: Livet kan vere vondt og godt, innehalde sorger og gleder, men det viktige er at vi lever.Så får vi sjølve prøve å gjere det beste ut av det.
Eg kunne sagt mykje negativt om boka, her er så mange ORD at ein har problem med å halde fokus, så mange digresjonar og andre sidesprang at eg av og til lurte på kvar eg var.
Men om ein er blitt "fengsla" av denne forfattaren, godtek ein det meste.Ei skreiv på bloggen sin at boka var "klissete"- likevel elska ho den.Slik er det med meg også, eg ser mange "feil" ved boka, likevel let eg meg fortrylle.
Tittelen på boka er nydelig. Og så vil eg gjenta noko eg har sagt ofte:Franske bøker er ikkje som andre bøker. Dei har som regel noko av Frendeløs og Les Miserables i seg. Det har i alle fall AG sine bøker.

5 kommentarer:

Bjørg sa...

Eg har lese Saman er ein mindre åleine og Eg elska ho.
Ikkje dei mest gjevande, men bra.
No les eg Østenfor solen av Julia Gregson. Spennande stoff om engelsk og indisk kultur i 1920-åra.

Elles synest eg den God bok-gruppa er interessant.

Besta sa...

Når eg les berre lydbøker, har eg ikkje alltid så mykje å velje mellom.Og eg blir glad når eg finn noko anna enn krim.Eg likar godt å lese lærerike bøker, t.d. bøkene til T. Færøvik. Når det gjeld Anna Gavalda er det ikkje alle som likar henne så godt, men LYDBØKENE er fine. Nynorsk språk, lese på Hordalandsdialekt med "franske" skarre-r-ar. Nydelig.
God bok-gruppa er artig å lese, men eg prøver å ikkje komme med negative kommentarar når dei skryter av bøker eg ikkje likar. Det held hardt.

Elin sa...

Lurer på kva som er gale med meg, det er veldig langt mellom dei bøkene eg let meg fortrylle av. Desse bøkene har eg problem med å like, diverre, og det kjem nok av dei negative tinga du skriv om. No prøver eg meg på Åndenes hus som lydbok, trur det går betre.

Besta sa...

Åndenes hus las eg nyss for andre gong som lydbok, og vart like "fortrylla" som første gong.Og alt var heilt nytt! Nokre fordelar skal ein ha av dårlig hukommelse! Eg likar ofte bøker som ikkje er heilt realistiske, men som har noko av eventyret i seg. "Magisk realisme" er visst faguttrykket. Når det gjeld Lykka... så er den svært ujamn, mange kjedelige parti, men så glitrar ho til igjen.

solveig sa...

Det er nok eg som har vore mest negativ til Anna Gevalda og ikkje minst til omsetjinga ...

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...