mandag, mars 15, 2010


Klokka er 12.30. Temperaturen ca 0 grader C og akkurat no held sola på å bryte seg fram gjennom skylaget. Og mannfolka mokar og mokar- og pratar litt innimellom. 
Vi har hatt ein nydelig vinter, men no er det nok. Meir enn nok. Eg tenkjer på snøklokker og andre vårteikn som er metervis under snøen.
Sjølv hadde eg planar om å bake brød i dag, men manglar både det eine og det andre, så eg må vente til vegen er open.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Ja det er litt modalaust med all snøen. I går prata eg med eit pensjonist-par som har vore 3 veker på Kanariøyane og hatt det fint i lag med venner. Skulle sjølvsagt ha gjort som flyttfuglane.

Dagbok 2026: 28. august

 Klokka er no17.40, temperaturen ute er +21 graderC. Det har vore fint ver i heile dag, men no er sola borte. Det har vore ein litt spesiell...