onsdag, januar 06, 2010
Trettandedag eller Heilage tre kongars dag.
I følge boka mi om gamle merkedagar, var dette ein viktig dag i gammal tid. I vår tid blir dagen gjerne markert med eit trearma lys.Trettandedagen var ein viktig merkedag for ver og grøde. Viss det var klårver denne dagen, skulle det bli eit grøderikt år.Ein meinte også at slik veret var denne dagen, skulle det vere i 13 veker framover. Det kunne umulig gjelde Vestlandet?
Personlig så har eg funne ut at det var ein grei dag å rydde ut jula på. Så no ligg nissar, lys og anna pynt vel forvart i kassar og skal vidare opp på loftet. Hadde eg no berre greidd å finne ut kvar eg har gjort av "kvardagslysa" som plar stå i stakane!
Elles så kavar eg med å oppdatere datamaskinene, og å halde orden på alle tekniske hjelpemiddel. I dag skulle eg lade opp i-poden, men så finn eg ikkje ledninga t.d. Og slik går dagane.Viss de som er unge lurer på kva eldre folk brukar tida til, så kan eg avsløre at mykje tid går med til å prøve å finne att ting som er lagt på lure plassar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 18. 35. Temperaturen ute er +13 graderC og i dag har vi hatt fint ver med sol og litt varme. Eg hadde ingen planar for dagen, m...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
2 kommentarer:
13 veker med same vêr? DET gjenstår å sjå...
Ja, som sagt, det kan i alle fall ikkje gjelde Vestlandet.Kanskje i eit anna LAND?
Legg inn en kommentar