fredag, januar 01, 2010

Siste kvelden på Kongsberg for denne gong.


 


I dag har det vore litt skya her og akkurat no viser gradestokken minus 10 grader, ikkje så veldig kaldt altså. Vi har slappa veldig av desse dagane, noko son sikkert gjer godt for ein familie som elles har fullt program.Ungane har leika og styrt med data, dei nyt å få vere heime heile dagen.Men på mandag er det fullt kjør igjen, for dei som for dei fleste andre.Det er berre vi pensjonistane som framleis kan ta livet med ro.
Vi kjem til å reise herifrå i morgon føre middag ein gong, og køyre over Hemsedal tilbake også.Vermeldingane ser bra ut, så det blir sikkert ein fin tur.
Vebjørn somna tidleg i går, men før han kom så langt, skaut han inn det nye året med Sabeltann-pistolen.Han var veldig tøff med "tatovert "arm for anledninga.
Årets bok og diverse anna skal eg komme tilbake til når eg er heime att.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...