tirsdag, desember 29, 2009
Kongsberg i dag.
Det har vore nydelig ver i dag, men eg har ikkje kome meg ut.Vi har mykje å styre med inne.Rasmus har helde på å sjekka opp begge datamskinene våre, lagt inn nye program på laptoppen etc.etc. No kan eg ta imot e-post på vanlig måte på laptoppen også.Det har vore ca minus 12 grader i dag, sol og ganske mykje snø.Rasmus var ein liten tur på butikken og til frisør med Vebjørn.Vi har nettopp ete fiskesuppe, så eg kjenner behovet for middagskvild,derfor har eg beordra kaffi.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026; 20.august
Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 14 graderC og det regnar så smått. I går var det ganske fint ver, og eg fekk gjort mykje ute; i da...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
1 kommentar:
Eg legg ut verrapport på bloggen min no når du er på Austlandet. For ein time sidan då eg handla, hadde temperaturen krope opp på minus to. Det har kome litt snø, så no er Øystein ute og mokar.
Legg inn en kommentar