fredag, september 25, 2009

Helsing frå Kongsberg.

Vi er vel framme på Kongsberg og har fått god mat.Turen gikk veldig fint, men først i Lærdal vart det nokonlunde opplett. Seinare vart veret berre finare og finare med sol og varme. Det var som å komme til eit anna land.Vi åt nista vår i Nesbyen utanfor kjøpesenteret,det var vind, men fin teperatur.Over 20 grader. Det vart trafikkø då vi nærma oss byen, så vi vart ca 1/2 time forsinka.Vi hadde ein fin tur, men det ER langt.Det gikk heldigvis heilt fint med meg og sittinga.

6 kommentarer:

solveig sa...

De får ha ein fin ferie! Hels alle!

arieldog sa...

Kos dykk, og hels til alle!

Elin sa...

Er det ikkje kortare å køyre via Geilo? Eg har vore innom Kongsberg berre ein gong, på veg til Bø. Vil ikkje anbefale Hol - Aurland, det var litt av ein krøttersti somme stader, sjølv om naturen er vakker.
Ha ein riktig fin ferie!
Og til alle som fer forbi Gloppen i rasande fart på veg til eit fjernt mål, det går an å ta ei kaffipause her!

Besta sa...

Vi køyrer nesten alltid over Geilo, også i dag.Hol-Aurland har vi også køyrt eit pag gonger for den lange tunnelen si skuld.Du har rett i at vi oftast fer i full fart forbi-ikkje berre Gloppen, men vi har ofte bilen lasta med frosen fisk.....

Hildegard sa...

Kjekt at de er vel framme. Hels familien.
Eidabesta

Besta sa...

Unnskyld, det var ein feil i svaret mitt. Vi køyrer ikkje nesten alltid over Geilo, men over Gol. Eg roter ofte med dei to namna.

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...