onsdag, august 12, 2009

Skulestart.





Hausten 1958 fekk eg lærarjobb på Trovåg skule i Solund, og alle veit korleis det gjekk.
Året etterpå ville eg prøve å få jobb litt nærare Eid, og søkte m.a. på ein skulepost i nærleiken av Førde. På Karstad skule i Solheimsdalen, som på den tida høyrde til Naustdal kommune. Eg fekk mitt livs sjokk då eg kom til ein avsides dal utan elektrisk lys eller andre moderne innretningar.Men dalen var vakker, og eg fekk nyte den vakre naturen på min daglege spasertur til og frå skulen, 4 km kvar veg, langs eit nydelig lite vatn. Ned til sjøen, der både rutebåten og melkebåten la til, var det ca 7 km. Der var det også butikk med relativt begrensa utval av matvarer.
Då eg kom til Ervik, som staden ved sjøen heiter, første gongen, vart eg møtt av husverten min med hest og vogn, og så gikk ferda i bratte motbakkar opp til Øygarden.Eg fekk eit fint rom i det nybygde huset, med utsikt mot Øygardstjønna, alle var snille mot meg, og eg vart teken vel imot.Men eg hugsar enno panikken og fortvilinga når eg tenkte på at eg skulle vere på denne staden eit heilt år. Dette er 50 år sidan no, og den hausten var eg 19.
Det vart ein lang vinter, uvant som eg var med å vere så mykje åleine og utan elektrisitet. Heldigvis hadde eg den blå Kurér reiseradioen min, der eg fekk inn Radio Luxemburg, som var det store den gongen.Og så fekk eg besøk både av mamma og av Nils.
Ungane på skulen var kjekke og greie og vi hadde mange fine stunder i lag.
For 2-3 år sidan fekk eg kontakt med ei av elevane, som den gongen gikk i 4. klasse, og ho har fortalt meg litt om korleis det har gått med dei andre.Eg hugsar alle godt!
Viss du les dette, Jorunn, må du helse dei andre så mykje.

No går der veg til Solheimsdalen, som no er ein del av Førde kommune. Ein reiser mot Askvoll, men tek av til Øygarden, som er namnet på garden der eg budde. Har vore tilbake i dalen eit par gonger sidan eg jobba der. Det gamle skulehuset er borte, og eit nytt er kome i staden. Lurer på om elevane framleis går på skeiser på isen i friminutta slik dei gjorde i mi tid?

4 kommentarer:

Olaug sa...

Er du nokon av dei på biletet ?
Eg har ikkje lest heile teksta , så eg er ikkje sikker.
( For at andre skal lese bloggen min, må eg lese deira ;-) )

Besta sa...

Det øvste bildetviser alle elevane i4.,5.,6., og 7.klasse.Der er ikkje eg med.På det nedste bildet finn du meg lett, eg har nesten ikkje forandra meg på 50 år. Trur eg sjølv.

Hildegard sa...

Litt av ei historie, trur ikkje eg hadde klart ein slik vinter, heimekjær som eg var. Flytta 12 km frå Stårheim til Nordfjordeid på
20-årsdagen min i lag med Besten og LilleMø som berre var 3 veker gamal.
Eidabesta

solveig sa...

Skulle du sett ein ungdom på 19 år like mykje tilbake i tid i dag, så måtte du vel tatt frå han internettilgangen.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...