onsdag, juli 01, 2009

Datatrøbbel ...........igjen!

Datamaskina har hatt eit illebefinnande igjen; ho har forresten ikkje vore heilt god på lenge.Så no spørs det kor lenge vi er tilkopla verda denne gongen;skal prøve å få nokon til å sjå over heile maskineriet.
Her er det ikkje noko særlig nytt.Nils har ikkje vore på sjøen i dag, og eg har utsett alle huslige gjeremål til etter at sola har gått ned.Kan ikkje vere inne i dette veret. Ventar veninna mi frå Fredrikstad på besøk i morgon, akkurat no er ho på Eid.
Som sagt er datamaskina utrygg for tida, så dersom de har viktige beskjedar til oss, er det best å bruke telefonen.
God sommar til alle som har tenkt seg på tur, og til dei som ferierer heime. Tippar det var herlig for besteforeldra på Hildegard å komme seg ut i havbrisen?
Rasmus ringde og gav gode råd.Han meinte feilen måtte ligge i skjermen. Han rådde oss til å kople til den gamle skjermen, så no virkar systemet igjen. Skal reklamere på flatskjermen, den er berre 1,5 år gammal.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Her går det for kvart maskin for tida, godt å kunne nyte dei fine dagane utan å stresse. Har hatt mange fine, varme sommardagar på jobben dei åra vi måtte yte, for Besten var vel det nærare i 50 år.
Herlege norske tomatar i butikkane no, men dyre. Tenkjer på den fine sommaren i -65 då du, Solveig og Rasmus var her hjå Amanda og eg hadde eldstejenta som baby. Då kosa vi oss ofte med tomat og agurk frå Hildenes gartneri på fersk loff. Nam, nam.
Eidabesta

Besta sa...

Ja, den sommaren gløymer eg aldri. Mamma var også mykje fri, for ho hadde brote armen. Nils jobba i Høyanger, men var mykje sjukmeld, så han fekk også nyte den fine sommaren.Trur eg var på Hildegard nesten kvar dag.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...