mandag, juni 15, 2009

Bok nr.38: Øya.

Denne boka har Solveig skrive om før, så eg vil tilrå at de les hennar meining også..
Her kjem mitt syn:
Forfattaren har eit fantastisk materiale å jobbe med.På nordkysten av Kreta ligg den vesle byen Plaka og eit lite stykke ute i havet ligg øya Spinalonga, der det var leprakoloni frå 1903-1957. Alle spedalske frå Kreta og fastlands-Hellas vart sende til denne øya etter at dei hadde fått diagnosen.Her levde dei resten av livet sitt i eit heilt spesielt samfunn. Ingen utanfrå besøkte pasientane, med unntak av legane.
I den vesle byen Plaka kunne dei sjå ut til øya,med skrekk for at dei, eller nokon i familien, ein dag måtte reise dit. Elles går livet som vanlig, folk lever og dør, gifter seg og får born.Dei opplever krig og fred og elles alt anna som eit menneskeliv kan innehalde.
Alt dette bakgrunnsstoffet i boka er interessant og lærerikt.Eg fekk vite mykje om sjukdommen lepra som eg ikkje visste før. Eg fekk også vite mykje om livet i ein gresk småby, om skikkar ved bryllup, barnedåp og gravferd, og om måten folk tenkjer på. Og om sladder og baktaling.Så langt synest eg boka fungerer godt.
På denne bakgrunnen har forfattaren plassert ein handfull menneske som hovudpersonar.Og det er her forteljinga sviktar totalt, etter mi meining, for vi kjem aldri "under huda" på personane.Alt blir berre på overflata, same kor dramatisk det er det som skjer.Det er som å lese ein ukebladsroman.
Språket i boka er uinteressant, gammalmodig og romantisk(i tydinga urealistisk). Opplesaren kan kanskje ta noko av skulda for det?
Til tross for denne knusande kritikken, vil eg likevel tilrå folk å lese boka- på grunn av bakgrunnsstoffet.Eg las den som ein dokumentar-roman.

5 kommentarer:

Hildegard sa...

Har lese denne, god bok, blir nok filma ein gong vil eg tru? Er nett ferdig med lydboka "Honningtunger" av Helene Uri - svært spesiell bok - men kanskje tankevekkjande.
Eidabesta

Besta sa...

Den har eg ikkje lese,men det er kjekt å følgje med i den nye litteraturen, synest eg, sjølv om eg somme gonger blir sittande som eit spørsmålsteikn.

Bjørg sa...

Takk for bokomtalen av boka Øya. Eg har lyst å lese den. Såg nett på ho i bokhandelen.
Elles kan det sjå ut som de byggjer på huset?

Besta sa...

Nei, vi byggjer ikkje på. Det er naboen rett over vegen som utvidar.Det er liksom utsikta frå kjøkkenvinduet vårt og frå trappa.

arieldog sa...

Totalt ueinig i omtalen av "Øya" - sjølv om eg må innrømme at slutten vart noko enkel.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...