torsdag, mai 28, 2009

Plantar til hus og hage.


I dag trossa vi regn og styggever, og tok ein tur på eit av plantesentera. Kjøpte nokre plantar til å ha i hagen, nokre til å ha i krukker og til slutt ein orkidé til å ha inne. No ser det også ut til at veret blir lettare, slik at vi kan få pynta litt rundt dørene. Nils har spadd opp ein tredel av jordbæråkeren og planta heilt nykjøpte bringebærplantar der. Den åkeren laga vi etter alle kunstens reglar for nokre år sidan, men den innfridde ikkje.No prøver vi altså med bringebær i staden.No skin sola ute, og vi håper på ei fin pinshelg, særlig for alle dei som ikkje har heilårsferie.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Ja, når sola skin får ein lyst å gjere noko ute. Lenge sidan vi har hatt slike regnbyger som siste to dagane. Snø i fjellet i går kveld!
Eidabesta

solveig sa...

Eg har grillmat att frå forrige helg som snart går ut på dato.......
Laurdag skal M og eg til Syvde på kunstutstilling og på den årlege turen til Nerlandsøya på plantesenter.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...