torsdag, mai 21, 2009

Helsing frå Kongsberg.







Vi hadde ein fin tur over Hemsedalsfjellet i går.Var framme her i halv seks-tida.
I dag er det sol og litt vind ute, men ikkje den store varmen, enno i alle fall.
Håpet var at det skulle bli såpass varmt at vi kunne grille ute, vi er vel dei einaste i familien som ikkje har prøvd ut uteplassen med grill som vi (dvs.Nils) var med på å lage for fem år sidan.Det har vel med det å gjere at vi ikkje har vore her så mykje på sommars tid.
I dag er alle fri, men W.må på jobb i morgon.

Etter middag:Sola skin framleis og det er fint og varmt, sjølv om det også er skyer på himmelen.Gløymde å ønske alle ei god helg!

3 kommentarer:

solveig sa...

No har eg skrive både vermelding og eit innlegg mest beregna på borna på bloggen min. Elles lastar eg bilde opp til europris. Det tek nokre timar.
God helg til alle på Kongsberg!

Hildegard sa...

Kjekt at de hadde ein fin tur. Sikkert koseleg å treffe igjen smågutane og resten av familien.
Eidabesta

solveig sa...

Eurofoto skal der stå! Olaug ville på Europris dagen før, men då hadde eg fått nok etter å ha tråla to kjøpesenter....

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...