I dag har vi vore og shoppa igjen. Nils bestemte seg endelig for å kjøpe seg ny dress på Dressmann; der var det minus 40% på alle varer.Dressen vart eit rimelig kjøp, men så lite som han brukar dress er den sikkert grei nok.
Eg var på Cubus og kjøpte meg ullundertøy med lange ermar og bein i farge ROSA. Skal ha det når eg trenar m.a.(under andre klede!) Det hjelper med ull på kroppen når gikta set inn.
De unnskyldar vel at eg ikkje legg inn bilde ? Miss Piggy- say no more......
6 kommentarer:
Flott bilete - er det noko anledning snart, eller?
Nei ikkje før vårens konfirmason, så vidt vi veit. Men det er no alltids greitt å ha antrekk hengande-dessutan lurt å kjøpe når det er gode tilbud.Så kan eg f.eks. kjøpe skjorte og slips til 72-årsdagen?
Flott dress, og sikkert eit godt kjøp!
Det er sikkert lurt å kjøpe no. Det er visst ei roleg periode før julehandelen, så dei må vel ha litt tilbod.
Rosa ull høyrest bra ut. Olaug skal på leirskule i veke 7. Dei burde ha to sett med ullundertøy, for der hadde vore ned til minus 20.
Kjekk pensjonist, hels han så mykje. Eidabesta
Fann ut at "ull" undertøyet i rosa berre halvveges var ULL, resten var kunstfiber. Sikkert varmt nok til meg, men ho som skal vere ute i minus 20 må nok ha varmare saker. RØROS som dei sel på Wistex er bra kvalitet. Kari Traa i ull kostar ca 800 kr pr. del!!
Legg inn en kommentar