mandag, juli 07, 2008

Nydelige sommardagar.


No har vi hatt ei heil veke med nydelig, varmt ver.Då eg sjekka yr.no, såg eg at regnet først kjem på torsdag. Derfor måtte eg vatne blomstrane i hagen. Mens eg heldt på med det, kom naboen og beundra riddersporane som er yndlingsblomstrane mine.Eg elskar den himmelblå fargen! (Har forresten tigga rota med ein annan av naboane.) Etter at eg var komen inn, ringde det på døra og då var det "den snille naboen" som hadde tatt dette vakre bildet som han ville gi meg.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Nydelege blomar. Eg har lite greie på plantar, vonar interessa kan kome litt etter kvart no når eg er pensjonist. Hagen her har vore brukt både som fotballbane for den oppveksande slekt, hundehage og barnehage, får skulde litt på det også. Eidabesta

Besta sa...

Interessa har eg, tida har eg, men eg skulle hatt eit bed der eg slapp å bøye meg! Riddersporane er fine og villige, men det same skjer kvart år: Før vi har fått støtta dei opp, kjem det ei regnbyge som nesten knekker dei lange stilkane og så blir dei krokete resten av sommaren. Og kvar sommar planlegg vi å flytte dei til ein tryggare plass. Men det blir med tanken.

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...