onsdag, juni 04, 2008

Peon i knopp.



Denne store mørkeraude peonen har vi hatt i mange år og blomstrar gjer han, men blomstrane er små og lite fylte.Han får både vatn og gjødsel så eg skjønar det ikkje.Har nokon eit godt råd?

3 kommentarer:

solveig sa...

Eg trur det er sorten. Eg har nokre enkle som eg har fått av M. Fordelen er at deo står sjølv!

Besta sa...

Denne peonen har hatt både fylte og mindre fylte blomster, så vi får venta og sjå kva det blir til i år.

Hildegard sa...

Artig med peonar også. Eg blir reint nostalgisk av alt blomster-pratet. I mi tid i Torvika, var der eit stort bed med raude peonar ved uteplassen mot vest - der stein-bordet står, trur der er nokre røter endå. Det var visst tante Andrea (som emigrerte til USA) som hadde planta dei. Ho var særs interessert i hagestell.
Eidabesta

Dagbok 2024: 27.april

 Klokka er no 23.30, temperaturen ute er + 4 grader C. Det har vore ein fin dag med sol og varme, så det gjer ikkje noko om det blir litt ka...