mandag, juni 23, 2008

Det er visstnok EM i fotball..........

I alle fall har eg fått lese veldig mykje i det siste. No er eg ferdig med Den femte kvinnen av Henning Mankell.Den var veldig bra etter min smak.Typisk Mankell; ryddig, grundig og alvorlig.Alle lause trådar blir knytta og alt blir oppklart.
Denne boka passar til å vere lydbok fordi det er lett å halde styr på både personar og hendingar. Skulle eg kritisere noko, måtte det vere at den er vel lang og vel langsom.
Den er skriven av ein eldre mann for andre eldre personar, føler eg.
Min "yndlingsreplikk" i boka er, når Kurt Wallander filosoferer over all volden i samfunnet, tenkjer som så:" Samfunnet endra seg då folk slutta å stoppe sokkane sine"!
No har eg enda ei Mankell bok liggande, men må ha ein liten pause før eg starter på den.

2 kommentarer:

solveig sa...

Kinesaren, er det krim?
Synest du stadig finn nye bøker.
Eg las ei Mankellbok frå Afrika som ikkje var om Mankell, meiner eg.

Besta sa...

Du meiner vel "ikkje om Wallander" ? Har ikkje begynt på Kineseren enno, men for meg ser det ut som krim. Du får forstørre bildet og lese.
Eg har lese mange bøker av Makell som ikkje handlar om Kurt Wallander.

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...