tirsdag, september 30, 2025

Dagbok 20 25: 30.september


 Klokka er no 20, temperaturen ute er + 12 grader og vi har hatt ein fin dag med solskinn og fint ver. Først på dagan var vi, Marit og eg, på trening, som vanleg. Men i dag handla vi ikkje på heimvegen. Eg var litt svolten så eg tok meg mat når eg kom heim og så la eg meg inn på dagsenga. Eg var trøtt for eg sov dårleg sist natt. Eg blei liggande ei stund før eg kom i siget igjen og gjekk ut for å gjere hagearbeid. I dag gjekk eg laus på den gamle jordbæråkeren som ikkje er åker lenger men stort sett berre gras og ugras. Eg har ikkje bestemt meg, men eg trur at eg skal legge ned den eine halvparten, men prøve å få orden på den andre, Det verste er å få vekk er dei store bregnene som har planta seg sjølv- ei i kvar halvdel. Eg trur ikkje eg får opp røtene, men eg prøver i alle fall. Det viser ikkje så mykje att av arbeidet mitt, men der vart i alle fall to store sekker med "boss" Det er" beddet" til venstre på bildet eg har tenkt å ordne opp.

Då eg var ferdig der nede,tok eg kvelden, så då vart det litt mat + TV og nyheiter. Det er nesten slik at eg ikkje har lyst å høyre om alt som skjer i verda-det er så mykje vondt og gale.

Eg skal på spansk-kurset i morgon, og etterpå skal vi på Kulturhuset og feire Eldredagen


                                     Fint å vere ute i hagen i dag.

mandag, september 29, 2025

Dagbok 2025: 29.september


                               Ein kan godt rote litt om ein er heime åleine.

Klokka er no18.48, temperaturen ute er +10 grader, det har vore både litt regn og opplett i dag, men som vanleg er det finaste veret når kvelden er nær.

I dag hadde eg lova Marit og køyre henne til fotpleiaren klokka 12. Før den tid sat eg mykje attmed datamaskina  og liksom øvde på spansken til onsdag. Men det vart no litt Reels også.

Mens Marit var til pleie gjekk eg rundt i gatene og såg meg om, det er lite liv i gågata,  der er nokre butikkar enno, men eg enda på ALTI, der eg trefte ein som høyrer til i storfamilien no. Det var Martin som er sambuaren til Amanda. Han har operert ein arm så han er sjukmeld for tida. Kjekt å treffe han.

Då vi kom heim, var eg snar til å hive alle svarte sekkane med hageavfall som eg hadde, inn i bilen og så køyrde eg på VØR- Då eg klipte Skråninga sist,la eg graset opp i "kassa" der eg har lagt gras før i håpet om at det skal bli mold til slutt. Eg har gjort slik før også og mold blei det, men det tok si tid.Men eg kan ikkje gjere det slik med alt graset(og mosen)

Klokka var over 14 då eg kom heim, så då måte eg ha mat. Etterpå har eg site og strikka og høyrt på dårlege nyheiter på TV. Ikkje kjekt med alle dessse dronene!!!!!

Eg strikkar på andre paret  lestar av garnet eg kjøpte i Volda. Eg tenkte eg måtte ha meir så eg planla ein Volda-tur. Men så plutseleg såg eg ein bunt til-eg hadde faktisk kjøpt 2- utan at eg hugsa det. Men eg vart gledeleg overraska. Så no blir det vel å sitte og strikke heile kvelden, men eg er vel ikkje åleine om det?

I morgon er det trening, onsdag er det spank og Eldredag og torsdag trening igjen. Godt å komme seg ut blant folk. Det er no mykje derfor eg går på spansken, for der treffer eg folk som eg ikkje ser så mykje av elles.

Snakka med Erlend i dag,han var i Bodø og spelte i helga, så han får no sjå seg om i verda ? Eller han får ikkje sjå seg mykje omkring eigentleg. Eg har vore i Bodø minst 2 gonger,siste gongen var då Einar studerte der.

I dag var det litt kjølig så eg kveikte opp i omnen, det er koseleg med vedvarme og eg er glad i å ha det varmt og godt.

søndag, september 28, 2025

Dagbok 2025: 28.september

                                                Himmelen er vakker i aust i kveld. Eg tek bilda frå altanen

Himmelen er vakker i aust i kveld, men det er meldt regn resten av veka, trur eg.


Klokka er no 18.34, temperaturen ute er +12 grader C, det er lettskya og opplett. Eg har litt problem med å få lagt inn bilde,men eg får det kanskje til etter kvart.   Det er ikkje ofte eg seier det, men i dag har det vore ein kjedelig dag for meg. Og kven er det si skuld? Eg får vel ta skulda sjølv, som ikkje finn på noko. Eg torde ikkje gå på Vernet i dag, for eg vart låk i foten igjen etter at eg klipte plen i går. Men eg har ikkje vore så låk i dag likevel

Ergo har eg halde meg inne og i ro i dag. Har sett TV, strikka, laga litt mat, øvd på spanskleksa etc. Eg har meir lyst til å halde på ute, men om sundagane gjer eg som regel ikkje hagearbeid-i alle fall ikkje mykje. Og så er no sundag"kviledagen".

Fekk melding frå Erlend, han hadde vore i Bodø denne helga. Dei fer rundt og spelar snart her, snart der, men det tek vel slutt når hausten kjem for alvor.

Det kan no kome godt med at eg har kvilt i dag for komande veke blir det vel nok å vere med på. Onsdag blir det både spansk og Eldredag til dømes. Eg strevar med å få bilde inn på bloggen i dag, men eg har ikkje gitt opp. 

Eg skal prøve å få inn litt bilde -det pyntar no litt opp på ein kjedelig blogg.


lørdag, september 27, 2025

Dagbok 2025:27.september

Nedafor garsjen

Klokka er no 18.13, temperaturen ute er + 11 grader C ,og sola skin enno, som ho har gjort i heile dag, seinsommar eller tidleg haust? Det er i alle fall fint

Marit og eg hadde avtalt å fare på butikken i dag, så det gjorde vi først. Då eg kom heim att tok eg meg litt mat før eg sette i gang med dagens arbeid. I dag greidde eg å få klippe alle plenane med unntak av dei to mot gata, der har Gudmund tatt den eine i alle fall. Men der var nok arbeid til meg, først plenen rundt huset og så heile Skråninga. Og det var tungt å fare opp og ned med klipparen i eit mjukt og tjukt underlag av mose; det vart ikkje like fint alle stader, men det vart mykje å ha i sekk eller i grasbingen-der graset skal bli til mold-ein gong. Eg verkte i venstre foten og hofta, slik eg ofte gjer, så i dag vart det ikkje tur på Vernet, men heldigvis er eg bra no.

Eg må innrømme at eg likar godt hagearbeid, så eg skulle med glede ha styrt meir i hagen, men det er ikkje kvar dag de er ute verande og ikkje kvar dag eg er like sprek.

Då eg kom inn att var det noko tull med datamaskina så då sende eg ei melding til Helge, og han kom. Han fiksa det i løpet av eit par minutt. Han var på veg heim, og hadde vore å klipt hekk med mora si. Eg har så vidt fått fram strikketøyet mitt, no er den andre lesten snart ferdig.


Heile plenen og Skråninga er klipt.


 

fredag, september 26, 2025

Dagbok 2025: 26.september

Når eg går på Fonnvernet på kveldstid, sit eg alltid ei lita stund på den første benken for å sjå på sola mellom trea. Desse trea som eg helst vil ha vekk.

Klokka er no19.30, temperaturen ute er +11grader C. Sola har gått ned og det er åt og skymest ute. Hausten er komen, men vi har hatt ein nydeleg dag, med sol og varme.

Sidan det er fredag tok eg fredagsvasken tidleg på dag, i dag både vaska eg og støvsuga, så då vart det ein liten jobb i dag også. Eg orka ikkje å begynne å styre i hagen i dag igjen, så eg tok ein tur opp til Marit og prata med henne før eg åt lunsj. Det var Møre-Nytt i dag som eg måtte sjå gjennom og så fekk eg bladet "Pensjonisten" og der er det Sudoku som eg til slutt greidde å løyse.

Eg sat ei stund ute på altanen og sola meg og drakk brus,det var som den finaste sommardag. Men så vart eg lei av å berre sitte der, så eg tok på meg  litt andre klede og så gjekk eg på Vernet. Eg var ikkje heilt god i foten etter at eg hadde gått der i gå, men i dag gjekk det heilt fint.


Prata ei stund med Marit då eg kom heim att også, før eg gjekk heim til meg sjølv og varma opp risgrauten frå i går.

Eg prøvde å strikke før i dag, men det var heilt umuleg, fingrane ville berre ikkje og verst var det på venstre handa , den eg braut for snart to år sidan,men eg prøvde no og då gjekk det greitt. Så no er det berre å sette seg ned framfor TV-en -og strikke.  Eg vil ønske alle som er innom bloggen ei fin helg.

                             Fredagskveld i Starevegen

 

torsdag, september 25, 2025

Dagbok 2025: 25.september


Eg har minst 4 Klematisplantar, men i år har det vore berre sorgen, det har nesten ikkje vore ein blomst å sjå på dei. Men no har altså denne funne det for godt å glede oss med masse fine blomster til slutt.

 

Klokka er no21.11, temperaturen ute er +7 graderC, men vi har hatt ein fin dag med mykje sol. I dag var det trening igjen og vi kom oss av garde både Marit og eg,, men i dag køyrde vi beint heim etterpå utan å fare på butikken.

Eg syntest det var litt kaldt å vere ute, så eg sette meg heller til med littspansk-lekse. Men etter ei stund gjekk eg ut og begynte å jobbe i hagen.Det er mykje å gjere no før hausten kjem for alvor. I dag jobba eg på aust-sida av huset med å rydde litt i bedda og rundt omkring, Eg gjorde ganske mykje,  det viser ikkje så mykje att, men eg har i alle fall fylt to store sekker som skal på VØR med tid og stunder.

Det vart så fint etter kvart at det gjekk and å sitte ute, så eg sat oppe hos Marit ei stund, før eg gjekk heim og kokte ei panne med risgraut. Eg må av og til koke graut fordi eg kjøper melk som eg ikkje brukar opp til noko anna.

Eg har begynt på andre lesten av garnet eg kjøpte i Volda, og eg må ha vore heldig me storleiken på den første lesten, for den andre blir visst heil lik.

I morgon er det fredag og fredagsvask, det er det lenge sidan eg har hatt no, men så kjem eg vel i rute igjen.

I går kveld såg eg ikkje kveldsnytt, så i natt sov eg betre. Eg hugsar mamma; ho såg aldri "Kveldsnytt" når ho var åleine heime. No skal eg sette meg inn i stova og strikke hæl på lesten.

onsdag, september 24, 2025

Dagbok 2025:24. september

Utsikt mot aust

 Klokka er 18.25, temperaturen ute  er + 12 grader og sola skin frå ein neste klår himmel, det har vore ein fin dag i dag. Og eg har ikkje øydelagt dagen med å sette på TV-en.

Eg bestemte meg for å gå på spansk-timen i dag. Eg hadde tenkt å slutte, men ville i alle fall snakke med Eli om det. Ho og dei andre som var der var glade for at eg kom, så eg blei verande. Det er no kjekt å vere ute blant folk i alle fall, og ikkje berre gå heime åleine og tenkje på krig og ulykke. I morgon skal eg på trening igjen, så då har eg det å styre med. Det er ikkje mykje eg får gjort i hagen no, så eg har tid til overs.

Då eg kom heim frå spansken laga eg meg litt mat , og så gjekk eg ein tur på Vernet. Der var det fint i dag og eg gleder meg alltid over den fine utsikten  vi har der oppe.  Eg var ikkje heilt god i venstrefoten i dag, så i morgon kan eg ikkje gå, men, då skal eg trene.

Elles har eg sete på "Platten" med Marit og drukke kaffi -og veret vart berre betre og betre, heilt nydeleg no. I går strikka eg ferdig ein lest og i dag skal eg begynne på ein til. Eg strikkar med tynt ullgarn på tynne pinnar, så det er meininga at lestane skal brukast i sko. Eg syntest at den første lesten var fin, så no må eg strikke ein til samme sort.

                                                          Ørstafjorden er stille i  dag