fredag, august 14, 2015

Dagbok 2015: 14.august

Klokka er 20.00, temperaturen er + 19 grader C og vi har hatt ein nydelig dag. Ikkje fullt så klårt som i går, men sol det meste av dagen, utan at det har vore den store heten-men veldig "behagelig".
Slike dagar må vi prøve å nyte så godt vi kan, vi som har høve til det. Etter at eg hadde vaska golva gjekk eg ut i hagen og styrte litt fram til lunsjtid. Nils stod i garasjen og la saman brosjyrer til valet. Kvart parti gjer klart det dei skal ha med, og så blir alt lagt i ein konvolutt som vert sendt ut til alle stemmeføre. No har han gjort unna sine 3500 og så får andre ta resten.
Det blir vel mange stands i gata i morgon, men veit ikkje om eg er så interessert.
Elles har eg vaska, hengt ut og tatt inn ein klesvask.
Til middag hadde vi ein pizza som låg att i frysaren, før i veka har vi hatt fem fiskemiddagar-så då var det godt med noko anna.
Men store delar av dagen har eg slanga meg på solseng. Må rett nok ligge nokså påkledd men eg får i alle fall vere ute i sola. Endeleg!
No vil eg ønske alle ei fin helg, siste frihelga på lenge for mange, for no tek skuleåret til for fullt, også for elevane. Då er det særs godt å vere pensjonist og ha ferien til gode.

Bok nr. 59 - 2015: Slåttekar i himmelen.

Når eg ligg på solseng, og når eg legg meg om kvelden for å sove, må eg ha ei lydbok på øyret. No fekk eg ikkje tak i bøker eg ikkje har høyrt før, så eg las like godt om att ei som eg hadde liggande på PC-en. Denne har eg høyrt parallelt med at eg las ei anna på papir. 
Eg har den stygge uvanen at eg sluker bøker, eg MÅ liksom berre få vite korleis det går til slutt. Derfor les eg ofte bøker om att -og då kosar eg meg med dei på ein heilt annan måte. Denne boka var god første gongen eg las ho, men enda betre andre gongen. Det er ei enkel bok om enkle menneske i ein historisk kontekst. På mange måtar er bakgrunnsstoffet ofte det som interesserer meg mest, det å få vite korleis folk levde, korleis dei budde, kva dei åt  og korleis dei greidde seg økonomisk. Eg hugsar sjølvsagt mykje frå boka, det er ikkkje så lenge sidan eg las den, men eg fekk nok med meg meir denne gongen. Viss det skulle vere nokon som ikkje har lese den enno, vil eg anbefale at dei gjer det.Og for all del: Les lydbokversjonen ! 

torsdag, august 13, 2015

Dagbok 2015: 13.august

Klokka er snart 21.00 og sola skin på andre sida av fjorden. Nils for ut for å fiske meir makrell klokka 18.30, då heldt han ikkje ut lenger. Han fekk topp fangst i går, men han vil vel sikre seg lineagn for heile vinteren.
Dette er truleg den finaste dagen vi har hatt denne sommaren, men det har ikkje vore så veldig varmt. Like godt for meg som uansett må gå med strikkalester og joggebukse.No er temperaturen 15,5 grader C, og det er framleis ingen skyer på himmelen.
Bilda er berre for å bevise kor fint det har vore, elles har de vel sett utsikta frå trappa vår og frå altanen før.
Før middag jobba eg litt i hagen, klipte litt rundt buskene, fjerna visne roser etc.etc.
Etter lunsj låg vi ei god stund på solsengane våre. Eg les lydbok, elles blir det for kjedelig å ligge rett ut. Til middag hadde vi steikt sei, det var fjerde fiskemiddagen denne veka, og det var kanskje ikkje den siste heller. Etter at vi hadde drukke kaffi, stakk Nils av og då fekk eg lese ferdig papirboka mi. No høyrer eg at han er komen tilbake og har sett på vasslangen.



Bok nr. 58 - 2015: STEIN SAKS PAPIR

Stein saks papir
Søsknene Thomas og Jenny vokste opp alene med faren, Jaques, en upålitelig, voldelig og usympatisk småkriminell. Nå er de blitt voksne, Thomas har lagt den traumatiske barndommen bak seg og etablert et ordnet liv med kone, hund, egen bolig og eget firma. Hans komplekse og høyst ambivalente forhold til søsteren Jenny, er alt som minner om det tidligere livet. Inntil faren plutselig dør, i fengselet der han soner nok en straff.
Farens død setter i gang en vev av hendelser, og sakte, men ubønnhørlig begynner Thomas' liv å falle fra hverandre. Han begynner å stille spørsmål om hvem han er, og hans forståelse av ekteskapet, familien, rett og galt blir satt under et ubehagelig press.
Stein saks papir er et ømt og nådeløst portrett av en mann og den vestlige kulturs myter om menn, fedre og sønner. Men det er også et humoristisk gruppebilde av en stor og fargerik familie. En fortelling om sosial klatring, kjærlighet, sjalusi og hevn. Og om poesien som helende kraft. En stor roman om å forsøke å være et ordentlig menneske og om å feile.
......................................................................
Eg blir litt stressa når eg les papirbøker. Først ser eg etter kor mange sider der er, så bestemmer eg meg for kor mange dagar eg vil bruke på boka, så deler eg antall sider på dagane............
Denne var på 380 sider og eg bestemte meg for tre dagar, og det heldt. Men........eg skulle sjølvsagt ha brukt lenger tid og tatt meg tid å tenke litt undervegs.Her er sikkert rom for mange tolkingar.
Eg veit ikkje kor mange bøker eg har lese om menneske midt i livet som mister foreldra sine etter å ha opplevd ein traumatisk og vond barndom. Det er ikkje få!
Og denne boka var etter oppskrifta-ei stund, men så tok den av, og etter kvart vart det direkte smerteleg å lese den.Dessutan ville eg hatt ein meir avklara slutt.
 Boka har fått Nordisk Råds litteraturpris og det er den sikkert verd, men no føler eg for å lese noko mindre deprimerande.
(Les det eg har saksa frå nettet.)

onsdag, august 12, 2015

Dagbok 2015: 12.august.

Klokka har passert halv ni, temperaturen ute er + 14 grader C, og no er det opplett. I heile dag har det vore overskya, skodde og mykje regn.
Då eg stod opp i 8-tida i dag, var Nils vekk, der låg beskjed på bordet at han var ute og fiska. Veldig festlig. Eg hadde ingen andre planar for dagen enn at eg skulle bake brød. Det blei to deigar,og seks brød til saman. Det held ei stund.
Innimellom rydda eg nokre skap og fann nokre klede som skal i innsamling. Dessverre er eg ikkje flink nok til å "kaste"-i alle fall ikkje mine eigne klede.
Nils kom heim med ein stor balje full av makrell, så no håper eg han har fått nok for ei stund.
Han tok med seg nokre til Ruth og Harald då han skulle til Volda og ta prøver. Men før han for åt vi nysteikt brød til lunsj.
Då han kom att frå Volda hadde vi ein pause før det blei middag, ikkje makrell i dag men salta lange.
Eg har lese ein del i papirboka eg lånte i går, er komen meir enn halvvegs, litt vanskelegare å legge frå seg papirbøker enn lydbøker. Nils finn alltid fotballkampar på TV-så då kan eg lese med godt samvit.
Eg prøver med vilje å vere litt roleg om dagane, og heller ikkje sitte for mykje, derfor finn eg meg ståande arbeid t.d. På den måten håper eg på å bli betre i rygg og hofte. Betre ver hadde også hjelpt på.
No skal eg ut i hagen og ete nokre bær.

tirsdag, august 11, 2015

Dagbok 2015: 11.august

Klokka er 18.30. Temperaturen er + 15 grader C, og akkurat no er det overskya og opphaldsvêr ute. Før middag såg det ei tid ut til at vi kunne få ein fin dag, men så kom det etter kvart voldsomme regnbyger.
I går vakna eg opp relativt smertefri, det gjorde eg ikkje i dag, om det er regnet si skuld eller om det er fordi eg tok av meg strikkasokkane ei stund i går, veit eg ikkje, men håper eg blir likar` i morgon.
Hadde avtale med frisøren klokka 11.30, så det var ingen vits å starte opp noko prosjekt i dag, men eg dusja og var i banken og tok ut pengar før eg stilte i Mosmarka. Nils besøkte "fabrikken sin" mens eg var hos frisøren.
Etterpå var vi ein tur på biblio, der det ikkje var nye lydbøker å oppdrive. Eg lånte ei papirbok som eg har lese om, "Stein saks papir", den har fått Nordisk råds litteraturpris, så den bør vere bra. Så får eg lese vidare om "Slåttekar i himmelen" på senga. den har eg lese før, men fekk lyst å høyre den ein gong til.
Vi var også på Amfi og handla litt medisinar og mat. Men så regna det så fælt at det var best å pitle seg heim att. I dag åt vi spekemat til middag, men lukta av steikt makrell blir vi ikkje kvitt, den ligg sikkert att i ventilatoren.
Eg har ikkje gjort det skapte grann i dag, men det er vel ikkje så farleg?
Eg er spent på å høyre frå alle som har starta på skule, jobb og studiar etter ferien. Hugsar at eg alltid gledde meg til å begynne på skulen att etter ferien - då eg var elev vel å merke.

mandag, august 10, 2015

Dagbok 2015: 10.august.



Klokka er 20.10. Temperaturen er + 20,5 grader C. Det er lettskya, opplett og sol innimellom. Slik har det vore i heile dag.
Nils reiste på makrellfiske i dag også. Dei reiste i 9-tida og kom att ca 12.30. I dag hadde Nils med seg ein mann frå Åmdalen som han hadde lova ein fisketur. Dei fekk rikeleg makrell, men Nils har enno ikkje fått nok.
Eg gjekk no her heime og tusla. Var betre i ryggen i dag så eg fekk gjort litt av kvart. Det går i rydding-ein prosess som visst aldri blir sluttført, det dukkar stadig opp nye prosjekt.
Elles var eg ut i hagen og plukka bær som eg åt etter kvart, og så plukka eg ein tallerken med bringebær som Nils fekk med vaniljesaus på. Nokre sukkererter plukka eg også, av den små sorten som eg frys for å ha i Wok o.l.
Vi tok oss ein lett lunsj før vi la oss ut på solsenga. Etterpå måtte Nils klippe plenar.
Til middag steikte eg ei stor steikepanne full med spir (pir, små makrell) to gonger. Då vi hadde ete låg der ein makrell att på fatet. Trur ikkje eg får lyst på meir med det første. Men fisken var god. Stor, feit makrell er meir kvalmande.
I morgon skal eg endeleg til frisør, eg har sett ganske grusom ut på håret i lang tid, så det er på tide.
Nils har funne seg ein fotballkamp på TV igjen-trur eg tek meg ein tur ut.

Dagbk 2026:30.august

 Klokka er no19.44, temperaturen ute er + 12 grader , det er overskya og det har regna, Eg har vore inne heile dagen, og eg har vore her åle...