fredag, november 07, 2025

Dagbok 2025: 7.november


Klokka er no 18,30, temperaturen ute er ca+10 grader og det regnar. Eg las i Møre Nytt at det skulle vere opning av julegater etc. i dag, men eg veit ikkje om det vart noko av. Det er ikkje akkurat julestemning ute.

Eg har hatt ein litt trasig dag. For det første så vakna eg altfor tidleg, og fekk ikkje til å sove meir. For det andre var eg ikkje i form, har vore litt tufs nokre dagar , så eg sende bod til legen min, og ho fiksa medisin som eg kunne hente på apoteket.

Men eg venta til ut på dagen før eg for nedover.I mellomtida tok eg fredagsvasken m.m-. 

Eg fekk medisinen min, eg hadde den samme sjukdommen som sist vår, og fekk samme medisinen. No får eg no håpe at den hjelper denne gongen også. Det er veldig sjeldan at eg er sjuk, og eg likar det absolutt ikkje. Men no håper eg på at eg kan bli bra om ikkje alt for lenge.

Resten av dagen har eg brukt på å fyre i omnen, sjå TV og strikke litt. Eg fekk nye sovetablettar også i dag, så no håper eg på å få sove ei heil natt når den tida kjem.


Bilda har eg tatt nettopp, sjølv om dei er veldig like bilde eg har lagt ut før. Eg står på trappa og tek dei.
 Så er det fredags kveld og eg ønsker alle ei god helg


torsdag, november 06, 2025

Dagbok 2025: 6.november

Bildet er tatt frå altanen klokka14.45, det har regna litt i heile dag. Eg køyrde inn Olavsgata litt før og såg at alle tre og busker i Barstadhagen var vekke, så det som no stenger litt for utsikten er det som står på min "eig".

Klokka er no 15.12,temperaturen ute er ca 10 grader C, og eg er glad det ikkje er kaldare. Men eg fyrer i omnen med skrotved , og slår av varmepumpa. Eg må rydde litt plass i garasjen  til eg skal skifte hjul.

I dag er det pensjonistmøte, men Marit melde oss av i går. Ho er forkjøla  og eg var ikkje i form.I dag følte eg meg frisk , så eg for på treninga, men eg kjem ikkje til å fare på pensjonistmøtet, ikkje berre er det DET at vi har meldt oss av, men eg likar ikkje å køyre når det er så mørkt. Det går heilt fint å køyre om kvelden når vi får snø. Altså blir eg heime i dag. 

Men så var spørsmålet; Kva skal eg gjere til gagns? Eg fann på at eg kan male litt; kvitmaling har Einar kjøpt til meg, men eg trong ein veldig liten pensel, til vindua etc. Så det blei ein ekstra tur til Vik og "Målar-Olav". Eg kjøpte ei flaske med White Spirit også, det treng vi(Einar og eg) å ha i hus-. Kor mykje eg kjem til å male står att å sjå. Men eg går no og klattar litt her og der.

Eg gjekk forbi den nye blomsterbutikken ved sidan av Målar-Olav og der var veldig mange nydelege  grav- kransar, men eg synest det er litt tidleg å legge på julekransane no. 


I dag fall eg for freistinga og kjøpte denne kaktusen på KIWI-eg som ikkje likar at  matbutikkane sel blomster-altså.



 

onsdag, november 05, 2025

Dagbok 2025,5.november


Klokka er no 17.50, temperaturen ute er +10 grader og det regnar. Det er bekmørkt også. Men eg er inne og har det varmt og tørt og lyst. Som de ser på bildet har eg alt hengt opp "julegardinene"-ja, eg kallar dei det sjølv om dei ikkje er så "julete". Det er koseleg  å vere inne når det er mørkt og vått ute.

I dag har eg gjort lite og ingen ting til gagns. Eg var ikkje heilt i form då eg stod opp, men kom meg litt etter kvart. Det vart slik at eg eg møtte opp på spansken i dag også, under tvil. Vi var ikkje mange i dag så det vart litt meir intimt enn vanleg. 

Då eg kom heim att vart eg sittande å strikke ,etter at eg hadde fyrt godt i omnen. Eg brukar å sette på nyheitene på TV-en og så høyrer eg om att og om att det same ørten gongar. Eg gjorde ferdig eit lestepar, og vog lestene og garnet eg har att og fann ut at eg kan strikke enda eit par av garnet eg har. Solveig held meg med garn stort sett, og ho tek vare på leste-lageret.

Eg var ikkje heilt på topp i dag, som sagt, så vi vart samde om å avlyse pensjonistmøtet i morgon, både Marit og eg. Ho ordna det. Vi må melde på om vi skal kome på møta fordi dei bestiller mat. Slik gjorde vi det ikkje før. Ein annan ting er at eg  likar ikkje å køyre bil når det er mørkt, så eg hadde likt betre at møta var tidlegare på dag, men så er det dei som ev. skal underhalde-dei er kanskje på jobb til det lid langt på dag. 

Eg hadde no i grunnen lyst å vere der, men det vart for mange MEN-.

Marit har også valt bort treninga i morgon, men dit kan eg fare viss eg vil. Kjem an på dagsforma. 

Det er mørkt og regnfullt ute og eg likar ikkje denne årstida, godt at vi har jula å sjå fram til, tida går fort.

Eg har ikkje gjort noko med bilhjula, eg ser ikkje for meg korleis eg skulle klare  åleine å få hjula inn i bilen og køyre på verkstaden. Eg trur ikkje ryggen held. Så eg er i grunnen glad for at det er mildver og regn, enn så lenge.


                                             Eg bur ikkje heilt åleine.





 

tirsdag, november 04, 2025

Dagbok 2025: 4.november


                                     Slik har eg det no.

Klokka er no19.19, temperaturen ute er + 10 graderC  og det regnar. Det vart veldig tidleg mørkt i dag, og eg har ikkje vore lenger enn ut i garasjen etter ved, og opp lit postkassa for å hente avisa. Vi skulle etter rett ha vore på trening i dag, men det vart avlyst.

Men eg fann no på å gjere litt til nytte i dag også. Eg støvsuga teppegolva, og dett var dett. Elles så har eg no fyrt i omnen og hatt det varmt og godt. Eg har øvd på spanskleksa og så strikkar eg sjølvsagt. Men midt på dagen sovna eg i stolen og det var det beste på heile dagen, for om natta vert det heller lite søvn. Eg fekk melding frå ei venninne med spørsmål om eg ville vere med til Volda i morgon, og det hadde eg veldig lyst til- men så var de spansken. Eg måtte ta eit val, og eg valde plikta,dvs. spansken. Eg hadde tenkt å slutte tidlegare, men valde å halde fram,så då må eg berre stå i det. Eg kjem aldri til å kunne snakke spansk, men litt forstår eg når eg har ein tekst.

Eg sit for det meste og strikkar lester og ser TV, men i morgon skal eg altså på spansk og sdagen deretter er det trening og Pensjonistmøte. Berre så trasig at møta er så seint på dag at er er mørkt når vi skal heim.

No skal eg sjå om eg finn noko spennande og godt i kjøleskapet.

mandag, november 03, 2025


 I dag tok eg bilde frå altanen igjen, men klokka var nesten 5(17) så det var nokså mørkt. Kvelden kjem tidleg no.Men det er + 10 grader, så eg klagar ikkje. Dessutan har eg det varmt og godt inne fordi eg fyrer med plommetreet, og det brenn veldig godt no.

I dag har eg gjort litt nytte for meg. Eg starta dagen med å fylle bilen med svarte sekkar, ca10 stk.men sekkane var lette fordi det var mest tørre kvistar frå hekken.

Eg handla litt mat på heimvegen og gjorde klart til eit måltid  før eg sette meg til å strikke.Men så tok eg meg sjølv i nakken-ikkje mat no og ikkje strikk! No skal bilen vaskast! Og vask vart det både utanpå og litt inni, dessutan støvsuga eg -ikkje fritt for at det blir litt rusk etter alle turane mine på VØR. Det var veldig kjekt å få litt orden på bilen. Men eg må no snart få på dei nye hjula, og det greier eg ikkje sjølv. Eg har vore vand til at ein av gutane/mennene har gjort det. Einar hadde meldt seg i år, men no har han reist til London, og eg har fått ordre om å ta hjula med og få dei til og ordne det på verkstaden. Det spørs kor det går. Så lenge det er så mildt som no slappar eg litt av.

Det var så fint ei stund i dag, og eg var nokså bra i foten, men det vart ikkje til at eg gjekk tur likevel. Har styra litt med klesvask etc.og eg har sete og strikka ei stund, men så må eg øve på spansk-leksa. Lærdommen går ikkje så lett inn no, som då eg var ung. Men eg treng no ikkje å lære spansk, det er berre for moro skuld, for å komme i lag med folk etc. Det har lett for å bli til at eg går her heime åleine viss eg ikkje kjem meg ut på eitt eller anna. I morgon skal eg på trening, onsdag er det spansk torsdag er det trening+ møte i pensjonistlaget, så det blir no litt sosialt denne veka.

søndag, november 02, 2025

Dagbok 2025: 2.november


For nokre veker sidan hadde eg storopprydding i skuffer og skap, og fann mange bortgøymde skattar i form ev handarbeid. Sjølv er eg ei kløne når det gjeld til dømes broderi, men eg har mange fine ting som eg har fått frå dei som kan. Dette har eg fått av Tone dottera til Anne. Marie, systra til Nils.  Det var ei tid det var så in å ha slike "strengar " hengande på veggen, men så vart det mindre moderne og eg har lagt det bort for ei tid. Men no då eg såg det att kom det fort på plass igjen. Eg fann andre fine ting også, som eg rett og slett hadde gløymt, men som no har sett dagsens lys igjen.

 

                         Bildet er tatt klokka16.30 i dag. Eg nyt den nye utsikta mi.

Klokka er no 16.30 , temperaturen ute er + 9 graderC . Det har vore opplett i dag, men no står det på skjermen at det skal bli regn i morgon. Det likar eg ikkje så godt, for eg har tenkt meg på VØR med mange sekkar hageavfall.

Eg har vore inne i heile dag, nesten, var ein tur ut og spylte litt meir på plenklipparen, men no har eg sett den på stallen, Elles fyrer eg i omnen med store gode kubbar frå plommetreet. Varmepumpa har eg slått av så lenge.

Eg har ikkje gjort så mykje i dag, eg har jobba med spanskleksa, så har eg strikka litt, men då sovna eg i stolen. Det var berre bra for eg søv jamt over for lite. Eg reknar med at Solveig og Øystein er på heimveg frå Bergen.  Margrete er vel opptatt med Svein, som har fødselsdag i dag.

Komande veke har eg fullt program , med trening, spansk-kurs og møte i pensjonistlaget, og får eg tid til overs har eg mykje å bruke den til. No skal eg først og fremst finne meg ein kaffikopp.Og få på TV-en igjen.

lørdag, november 01, 2025

Dagbok 2025: 1.november

I dag fyller Tobias 1 år og besteforeldra frå Hareid er i Bergen for å feire dagen.Tobias er ein stor og kraftig kar  og har har begynt i barnehagen.

Gratulerer med dagen Tobias!!!!

Her er det mørkt no klokka 18.oo og temperaturen ute er+ 8 grader C så vi slepp å tenkje på at det kan vere glatt på vegar og gater, men laurdagane er det stengt på VØR så eg fekk ikkje levert hageavfallet mitt i dag. Men eg fekk ein tur på butikken. Etterpå var eg oppe hos Marit ei stund, for ho er ikkje heilt i form for tida, og ho set pris på at eg kjem på besøk.I fjor og året før vaska eg ikkje plenklpperen før eg sette den på stall om hausten, vintrane kom så brått.  Eg ville ikkje at dette skulle skje igjen, så i dag gjekk eg i gang med å vaske klipparen med Bilshampoo. Heilt rein blei den ikkje så eg skal ta den att i morgon og vaske meir, det er litt kjekkare å ta den att neste år viss den ikkje er altfor inngrodd.

 Så laga eg meg litt middag og mens maskina vaska opp etterpå kom eg i mål med sudokuen min. Der er ikkje sudokuar i Møre-Nytt lenger, så den eg løyste i dag var frå bladet PENSJONISTEN. Aprpopos pensjonist så er det møte i pensjonistlaget komande veke, torsdag trur eg det var.

Mandag før middag skal eg på VØR med mange sekker hageavfall, viss alt går etter planen min.

Klokka er ikkje halv sju ein gong og det er bekmørkt ute. Eg likar det ikkje.