lørdag, juni 14, 2025

Dagbok 2025;14.juni

Klokka er no 17.21, temperaturen ute er + 25 grader C, det er ein del skyer men sola skin og det er heilt nydeleg ute..

Eg er så heldig at eg ikkje vart så låk i foten (hofta) som eg var redd for, heilt god er den ikkje, men eg klarer å gå sånn nokonlunde. Men for sikkerheits skuld har eg både "gele " og tablettar på lager.

Eg er veldig tidleg oppe no når det er så fint ver, sånn ca kl 6 , og i dag var eg ned på Alti og kjøpte medisin med det samme dei opna, klokka 10. Eg oppdaga at eg hadde altfor mykje klede på meg, dei fleste gjekk i shorts og T-skjorter mens eg hadde kledd meg godt.

Eg har ikkje gjort så mykje i hagen i dag,men eg fekk no klipt og rydda litt der postkassene er, Eg vil ikkje klippe skråninga fordi eg er redd for hofta,  Erlend har lova å steppe inn-men ikkje veit eg kvar han er. Han er vel opptatt med diverse musikk etc. i helga.

Eg har sete myke oppe hos Marit, på "Platten"i dag for ho er åleine heime i helga. Dei andre er på hytta. Det skyar litt over no, så det er kanskje slutt på fineveret. Det er litt kjedelig å vere her åleine, men eg har no TV-en og strikketøyet.


                       Heilt nede på muren blomstrar valmuene
 

fredag, juni 13, 2025

Dagbok 2025:13.juni

 

                          Her har eg sete og klipt graset rundt plantane med saks. Det blei no litt betre.    


Klokka er no17.10, Temperaturen ute på trappa er + 29 grader C. Eg visste ikkje at det var så varmnt , men eg såg at Marit X2 sat ute på benken .Eg sat inne i stolen min og strikka med varmepumpa på  og syntest ikkje det var så varmt. Så sende Marit ei melding om at no var det så varmt at ho orka ikkje å vere ute lenger. Då gjekk eg ut ! Det er ikkje så mykje eg kan gjere når eg er låk i hofta, men eg gjorde no litt av kvart likevel. Vatna til dømes, og rensa ugras m.m. 

Naboen har klipt plenen ovafor garasjen og eg har snakka med Erlend om klipping av Skråninga, så det går vel bra på ein måte. Noko får eg no gjort sjølv også.

Og så eg er blitt flinkare å løyse sudokuane- og det er no noko eg set pris på sjølv.

No ser eg at det held på å skye litt over og det er ok . Eg saknar veldig å få gå tur på Vernet, og håper inderleg at eg ein gong blir bra nok til det igjen.

Elles er det no fredag og eg har tatt fredagsvasken som vanleg. Det er ikkje så mykje i det. 

No skal eg kanskje finne meg litt mat-appetitten er det ikkje noko i vegen med.

Telefonen min er så tullete. Kvar gong eg skal bruke den, må eg ladde den opp. No ligg den på ladding så eg skal kunne ta eit bilde eller to.

Ønsker alle ei fin helg-håper veret held seg fint.


Her ved Urke-garasjen har eg rydda mykje og blir vel aldri ferdig. Rhododendronen blostrar no, men den kom ikkje så godt fram på dette bildet.

Bedda ved garasjen har eg reinska og vatna. Så litt får eg no gjort. Sjølv om hofta plagar meg.



torsdag, juni 12, 2025

Dagbok 2025:12.juni

Klokka er no 17.00; temperaturen ute er +22 grader C, så no begynner det å likne på sommar.

I dag har Marit og eg vore på trening, men det var ikkje så mykje eg kunne trene, med ei vond hofte. Hofta er ikkje så vond som den kunne vere før, men eg må vere forsiktig med kva eg gjer. På heimvegen handla vi på KIWI, som vanleg.

I dag laga eg meg grønsakmiddag med ost. NO får ein kjøpt Salatost frå Tine, det var nytt for meg.

Eg har vore ute og rydda litt i hagen, men så mykje blir det ikkje gjort. I dag har naboen kjøpt bensin til meg på småbåthamna , så no kan eg bruke plenklipparen. Eg prøvde litt i dag, klipte plenen nedanfor huset, men eg trur ikkje det var så lurt, for eg vart verre i hofta etterpå.

Mykje av ettermiddgen har Marit og eg sete i stolar på tunet og prata. Då Marit gjekk opp att, planta eg ein hagehortensia, som eg fekk av Solveig på bursdagen min, i Garasjebeddet. Eg håper den overlever.

I morgon er det fredag igjen, vekene går fort.


                                                                     Nyklipt plen

 

onsdag, juni 11, 2025

Dagbok 2025: 11.juni


Klokka er no 16.24, temperaturen ute er +12 grader. Det er mest skyen, men litt sol innimellom. Det har vore nokre regnbyer i dag, men ikkje så mykje regn, trur eg. Eg har no vore mest inne.

I dag hadde eg ingen plikter eller avtalar,så eg kunne gjere kva eg ville. Og det vart litt av kvart. Eg fann på at eg skulle pusse kopar og messing - for det hadde eg ikkje gjort til påske. Det vart til at eg vaska koparen i oppvaskmaskina, men pussa messingen på gamlemåten.

Så har eg eit klesskap der det heng klede som så å seie aldri blir brukte. Deriblant "bestekjolar som eg har kjøpt og brukt ein gong eller 2. For fine til å kaste, men eg kjem aldri til å bruke dei meir. Eg har spurt Solveig, som er flink til å sy-og har ei flott symaskin, om ho kanskje kunne sy litt om på kleda slik at dei passa til ein kvan som vil ha dei. Det er for gale å kaste dei i bosset, synest eg.

Så strikka eg ferdig eit lestepar innimellom , før eg gjekk ut ein tur og såg på hagen min. Fekk gjort aldri så lite også, tok opp rota til det daude rosetreet t.d.(Dronning Elizabeth) Eg vurderte å plante ut rosa som eg fekk av Einar, men kom til at eg ville ha noko som var høgare der. (Bildet over).

Eg overraskar meg sjølv i dag, eg har klart meg heilt utan Paraset, til denne tid.

I morgon er det trening igjen og ikkje fleire ekstra helgedagar på ei stund det eg kjem på. Men så kjem det no SOMMARFERIE snart. Håper på ein fin sommar med mykje sol og varme. No skin sola inn til meg; nesten alltid sol når det lid langt på dag, men då blir det ikkje så mange timane.

I går trudde eg at eg aldri meir fekk få tur på Vernet, men no har eg eit lite håp.


 

tirsdag, juni 10, 2025

Dagbok 2025: 10.juni


 Klokka er no 18.10, temperaturen ute er +11 grader C og det regnar. Eigentleg skulle ein ha sete iute på altanen ein fin dag i juni-og kanskje får vi det når det lid på. 

I dag har eg vore til legen, på kontroll og litt meir. Det er denne forten som plagar meg. Eg hadde ca 10 år med plager før det tok slutt ein gong, men no er det på han igjen-og eg har blitt eldre. Eg snakka med legen om det, og eg kan få sprøyter t.d. og eg kan ta tablettar, dei hjelper no litt. Og så er eg glad for at eg har bil så eg kan kome meg av stad utan å gå så mykje. Elles var det no dei vanlege blodprøvene.

Etterpå var eg på apoteket og hamstra medisin, eg har frikort no så då gjeld det å bunkre opp.

Då eg kom heim kom Marit ned og heldt meg med selskap ei stund, og så blir det å sitte framfor TV-en og strikke.

Før eg var til legen hadde eg ordna med oppvask og klesvask, så eg er ikkje hjelpelaus.

Eg ser på hagen min, der som eg er så glad i å styre på. Det blir ikkje mykje eg får gjort i år. Men eg tenkte vi kunne ta ein familedag i hagen . Eg kan lage god mat og så kan det kanskje ordne seg med litt hagearbeid. Tida vil vise det.

                Eg slepp å vatne i dag, så litt positivt er det no med regnet.
 


mandag, juni 09, 2025

Dagbok 2025: 9.juni-andre pinsedag.



 


Klokka er no 17.20, temperaturen ute er +10 grader, men dei lovar at det skal bli varmare. Då eg stod opp i dag tidleg var det nysnø langt nedetter fjellsidene.

Dette har vore ein underleg dag. Etter frokost vart eg sittande å sjå TV og strikke, men etter kvart var det noko som ikkje var som det skulle, og eg følte meg ikkje heilt bra. Det passa ikkje for meg å bli dårleg i dag, det passar no aldri, men då venninna mi melde om liknande tilstandar var no det ei lita trøst.Eg må innrømme at det kan gå veldig mange år mellom kvar gong er sjukmelder meg. Eg er rimeleg bra no og i morgon har eg legetime, treninga kjem eg til å skofte.

Eg har no vore rimeleg oppegåande, det meste av dagen, men la meg inn i senga ei stund. No har eg vore opp til Marit -og vi har planlagt morgondagen.

Eg kom heldigvis på at eg har eit lager med Coca Cola-boksar. Cola er magemedisin- så no kjem den til nytte. 


No lengtar eg etter å kunne ligge eller sitte på altanen i varmt sommarver.
Einar måla her i fjord, men eg skulle ha hatt noko fint på golvet?


søndag, juni 08, 2025

Dagbok 2025: 8.juni Første pinsedag.


 Klokka er no 18.46,temperaturen ute er+11 grader C, og vi har hatt regnbyger i dag. Men for meg gjer det ingen ting for eg har vore inne med ei vond hofte heile dagen. Men eg har hatt det kjekt, for Solbveig kom på besøk tidleg på dag og ikkje så lenge etter at ho hadde reist kom Marit ned ein tur. Eg er liksom pasient no, for di eg er så låk i venstre hofta.Eg har legetime tysdag allereie så eg håper eg kan få litt hjelp då. 

Eg har så vidt vore ute ei lita stund i dag, for sjølv om det kjem ei byge no og då, var det knusktørt i beddet nedanfor garasjen. Så eg tok slangen og vatna.

Etter at Solveig hadde reist, var eg her åleine ei stund, men så kom Marit ned, såpass vi fekk oppdatert kvarandre. Og i morgon er det også helg. For oss som har ferie heile året er det ikkje så stor skilnad på helg og yrkedagar, men på helgedagar får vi gjerne besøk. 

Eg skal ikkje nekte for at det er trasig å vere låk i hofta, eg kan ikkje gå på Vernet ein gong, og det saknar eg veldig.

Håper det blir litt betre ver etter kvar, skulle gjerne hatt ei stund på solsenga no-når eg ikkje kan gjere noko uansett.




Dagbok 2026: 26.august

Klokka er no 18.36, temperaturen ute er +20 grader C og det har vore ein nydeleg dag, med sol og varme. Eg var relativt tidleg oppe og fekk ...