torsdag, mai 08, 2025

Dagbok 2025: 8.mai

 

                                              Kveldstur på Fonnvernet

I dag er det 80 år sidan krigen var slutt, og eg er blant dei som hugsar dagen, 5 år gammal var eg første gongen eg såg eit norsk flagg. I dag har eg "heist flagget på altanen

Klokka er no16.54, temperaturen ute er +10 grader og det er skya; det har vore overskya i heile dag, men eg har ikkje vore så mykje ute.

Eg vakna klokka 5.30 i dag morgon, og begynte å grue meg til eg skulle på Biltilsynet eller kva det heiter. Eg hadde snakka med Erlend om han kunne vere med meg, men så tilbaud Marit seg å vere med. Når eg ville ha nokon med meg er det fordi eg veit at eg kan heilt hjelpelaus i slike situasjonar. Eg hadde arka frå legen og synstesten i ein stor konvolutt, stakk nedi ein lapp med nummeret som Rasmus sende. Resten hadde eg på telefonen. Vi lurte på om der var folk i dag, men det forstod vi no fort at der var, på grunn av alle bilane som stod parkerte.

Vi gjekk inn og der var fullt hus. Så begynte det eg frykte, eg hugsa ikkje korleis eg skulle opne telefonen  og eg hugsa ikkje telefonnummeret. Marit prøvde no å hjelpe meg, men der var noko tull med telefonen. Det som redda meg var den vesle lappen med nummeret som Rasmus hadde sendt.(Eg hadde det på telefonen også). Det var ei utanlandsk dame som ekspederte meg og ho var veldig flink og hyggeleg, og etter kvart så greidde eg no å gjere rede for meg og finne fram dei opplysningane ho skulle ha. Så no må eg ha eit ark , til eg får nytt sertifikat. Eg var så letta då eg var ferdig der borte at eg gad ikkje handle noko, men køyrde rett heim. Her sat Marit og eg aldri så lenge og prata i bilen, slik vi ofte gjer.

Men før eg var på Bilsjekk hadde eg vore til frisørdame, Ei ung dame som klipte og klipte og blåste og gjorde meg så fin som mulig. Eg har ikkje vore til frisør sidan før jul, så eg kan vel ikkje klage på store hårutgifter. Håret mitt var veldig langt i nakken så det var godt å få letta litt på det.

Eg får vel snart innkalling til legen min igjen, for då eg var der før i veka, var det berre sertifikatet og sovetablettane vi snakka om. Og ho tok ingen prøver. Det rare er at no når eg fekk nye sovetablettar har eg lagt i ro i senga og ikkje rusla rundt slik som før. Eg ser fram til å fortelle henne det, for eg såg på henne at ho syntest det var litt rart det eg fortalde, og ho er vel interessert i korleis medisinane virkar.

Det er opplett ute no, så det kan hende eg blir frista til å ta ein tur-på Vernet tildømes.

I morgon klokka9 Kjem Solveig og Øystein og plukkar meg opp. Vi skal køyre om Sogn. Det er lege sidan eg har vore på overnattingstur, så eg ser frm til å kome meg ut i verda.

onsdag, mai 07, 2025

 




Klokka er no 17.12, temperaturen ute er+13grader, det har vore opplett til denne tid, men no varslar PC-en at det skal komme regn og eg kjende dei første dropane.

Denne dagen vart ikkje slik som eg hadde planlagt. Eg hadde tenkt å klippe alle plenane før eg skulle til Vik. Men slik vart det ikkje. Eg gjekk ut og tok fram klipparen , og etter litt plunder starta den opp, for å slokne litt etterpå, eg fekk klipt nokre få striper, og eg måtte starte opp att fleire gonger. Til slutt fekk eg ikkje start i det heile tatt. Eg hadde fylt på bensin, så det var ikkje det som vanta.

Litt ergerleg å ikkje få gjort det ein skal , men eg hadde no litt anna å knipe bort i.

Så tenkte eg: Eg vil gå tur på Vernet, men så var det ei anna stemme som sa at eg skulle rydde plenane opp mot gata. Og det gjorde eg, tok opp løvetannrøter, klipte litt her og der og til slutt tok eg ein sekk med mold og fylte på "Garasjebeddet". Eg syntest det vart fint-i alle fall betre enn det var før, og eg fekk brukt krakken min som eg fekk borte på Eid.

Det blei ikkje til at eg handla noko i dag, men det rekk eg i morgon. Då skal eg til frisør klokka 11, og når klokka nærmar seg 14 skal eg fornye sertifikatet mitt viss det går som planlagt. Fredags morgon reiser vi til Kongsberg. Eg ser fram til der, men gruer litt for å fare og få sertifikat, eg er redd for at det blir plunder. Eg lurer på om eg skal få nokon til å vere med meg? Eg får sjå kva eg bestemmer meg for.

Eg lurer på om eg skal ta ein tur på Vernet, eller om eg skal slappe av-og strikke?Det var veldig fint ute no, så det vart ikkje mange regndropane vi fekk, men dei kjem vel att.


tirsdag, mai 06, 2025

Dagbok 2025: 6.mai

Dette bildet tok eg akkurat no, frå altanen mot aust
Dette bilde tok eg akkurat no, frå altanen mot aust.

Klokka er no 18.20, temperaturen på trappa er ca+11grader, så det er ikkje så kaldt lenger, men det var mykje nysnø i fjella i dag også då vi stod opp.

I dag var Marit og eg i lag på treninga, og som vanleg handla vi på KIWI på heimturen. Eg var litt trøtt i dag enda eg sov godt og roleg sist natt. Eg har lova meg sjølv at eg ikkje skal gå på Vernet dei dagane eg er på trening. Så i dag tok eg meg ei kvilestund i staden.Etterpå fann eg ut at eg kunne bytte på senga og vaske soverommet og sengkleda etc. Eg hadde mykje energi så litt seinare begynte eg å rydde i garasjebeddet, for der er det fullt av  avblomsta løk- blomster. Eg heldt på ei stund, men det vart for vått og klissete og halde på slik i dag, og så misser ein mykje mold når det er så vått. 

I morgon har eg ikkje noko som eg MÅ, så då har eg tenkt å ta ein butikkrunde og kjøpe litt av kvart som eg treng-spesielt no når eg skal ut og reise. Eg ser veldig fram til å få sjå litt meir av verda, og så blir det kjekt å sjå att familien på Kongsberg, eg har ikkje vore der sidan Vebjørn vart konfirmert for 4 år sidan. Det var midt i koronatida og eg ville ikkje vere med på Crona, fordi eg begynte å nyse.

Eg skal sitte på med Solveig og Øystein og vi skal køyre om Sogn. Det var som regel den vegen vi tok då Nils og eg farta. No skal eg ta meg litt mat, og så skal eg hente inn avisa, det kom eg på akkurat no



mandag, mai 05, 2025

Dagbok 2025: 5.mai

 


                                  Sola er i skyene ein stad

Klokka er no 21.18, temperaturen ute er+ graderC. Eg hadde nesten gløymt at eg skulle skrive dagbok, for eg har stressa med korleis eg skal få  fornye førarkortet mitt. Eg var borti Hovden og skulle prøve , men der var lukket og låst. Eg skulle sjølvsagt ha bestilt for lenge sidan, men eg hadde ikkje attestane klart før i dag.

No er eg litt stressa, det blir eg alltid når det er noko eg ikkje får til. Nok om det. Elles har det vore ein heilt OK dag. Først var eg til legen og fekk attestert på at eg både høyrer og ser m.m. og så køyrde er i full fart bort til det huset der eg har fornya sertifikatet før om åra, men der var stengt. Så no driv eg og skal prøve å finne ut korleis eg skal fornye. 

Elles har eg vore ei god stund oppe hos Marit og fått referat frå konfimasjonen, blant anna. Eg gjekk ein tur på Vernet enda det regna bitte lite grann, og det møtte eg ei eg kjenner. Vi diskuterte klipping av plen og fjerning av mose. Eg fekk ikkje gjere noko i hagen i dag for det begynte å regne. Eg måtte fyre litt i omnen både i går og i dag for å få brukbar temperatur inne. Så håper eg berre at blomstrane toler det. ikkje alle er like fine enno, men nokre står og blomstrar flott.

                                      Ser de barna som er ute og går

søndag, mai 04, 2025

Dagbok 2025: 4.mai


 Klokka er no17.21, temperaturen ute er + 9 grader og sola skin. Det har vore ein fin dag, men ikkje så varmt som vi hadde det litt sidan.itt sidan  som vi hadde de for litt sidan.

I dag har eg vore heime åleine , men eg hadde ein rtur på Vernet og i dag fekk eg ei ny venninne. Ho likte å prate med folk ho treffer og ho presenterte seg som Inger, meir veit eg ikkje om henne, men det var kjekt å prate med henne. Marit og eg snakkar ofte om at vi må ha nye venner -dei gamle går bort. I dag er Marit i konfirmasjon til barnebarnet Mari-Ella.Dei held til på Kulturhuset så vi merkar ikkje noko her i gata. Men eg hadde no ut flagget likevel, det stod så lageleg til .

Etter at eg hadde fått meg litt mat etc. gjekk eg ut i hagen og tok opp løvetannrøter, eg har ein heil svart sett nesten full, men eg greidde ikkje meir i dag-det er den ryggen, elles er kroppen bra i stand.

No kjem det til å bli ei travel veke for "pensjonisten". I morgon skal eg til lege kl.11.Det er fornying av førarkortet som står på planen  min. Tysdag er det trening som vanleg , onsdag  veit eg ikkje kva eg må gjere, men torsdag er det både trening og frisør, og fredag går det sørover-om eg ikkje tek feil. Konfirmasjonen er på laurdag og så blir det heimreise sundag. Eg er heilt ute av reiselivet, med unntak av dagsturar, så eg veit ikkje korleis det går. Men det går vel bra-får eg håpe. Gler meg til å komme til Kongsberg igjen, dette er den tredje og siste konfimanten i den familien- og den siste av barnebarna mine. KOnfirmasjonen til oldebarna rejknar eg ikkje med å få med meg.

I dag matar eg Lollo, sidan Marit ikkje er heime. Men katten veit kvar han får mat, så eg kan berre rope på henne , så kjem ho.


Vegen mot aust. Det var nysnø i fjelltoppane i dag, men eg trur den smelta fort. I dag såg eg på rosetrea mine, dei såg noko dårlege ut, men eg skal klippe dei første veka i mai tenkte eg, for det har eg lese at ein skal gjere. Men så kom eg på:FØRSTE VEKA I MAI-DET ER NO !

Det er veldig mykje som skal gjerast i hagane no framover, men berre ein greier det så er det kjekt.

lørdag, mai 03, 2025

Dagbok 2025: 3.mai

 

 

Klokka er no 22.41, temperaturen ute er +2  grader, og i dag har vi hatt både opplett og litt regn-men ikkje sol, ikkje særleg mykje varme heller. Såg at der var kome litt nysnø i fjella somme stader.

Eg hadde studert litt på kva eg skulle bruke dagen til, men det vart berre det vanleg, på KIWI for å kjøpe mat. og ein tur på Vernet. Før eg gjekk på butikken svinga eg bortom gravplassen og sjekka om der såg bra ut. Det gjorde der, for påskeliljene var ikkje avblomstra. Då eg kom heim tok eg ein runde på Vernet, der var ikkje mykje folk idag. Eg laga meg mat, såg litt TV og strikka. Det enda med at eg sovna og det kunne eg godt gjere så tidleg som eg sprett opp om morgonane.

Marit var heime åleine og ville at eg skulle komme opp, så vi hadde oss ei god pratestund med kaffi og noko attåt. Dei skal ha konfirmasjon i morgon, det blir stort selskap på Kulturhuset. Marit fortalde at då dei heldt på å gjere seg klar og fare, ville Lollo, katten; gå ned til meg. Og i morgon vil ho sikkert vere her for då er det tomt hus der oppe, og eg har katte-maten her.

No i kveld har eg sete og sett Stjernekamp, og eg vart ikkje forundra over at KIM vann, det sa eg før serien begynte. Har er så godt kjend frå demens-kora og han er flink og sympatisk.

Eg hadde litt plunder med å få TV-en på rett spor men til sist vart det heilt perfekt, med skriftleg norsk tekst, slik som eg vil ha det-på alle program. 

I morgon, sundag, veit eg ikkje kva eg skal ta meg til, men eg har mykje å velje mellom.





fredag, mai 02, 2025

Dagbok 2025: 2.mai


No er klokka 18.24, temperaturen ute er + 6 grader og det regnar.

Eg kom nettopp att frå ein tur på Fonnvernet, det var friskt og godt med litt vind og regn. Vi treng litt regn om våren til alt som skal vekse og gro, men eg skulle ønske eg hadde fått rydda opp meir før regnet kom.

Sidan det er fredag tok eg ein liten fredagsvask på føremiddagen, så tok eg meg litt mat før eg sette meg til å få er sudoku i mål. Men før eg hadde greidde det fekk eg besøk av  Amanda og Erlend. Det er så greit at Amanda har sin eigen bil, slik at dei kan ta ein Ørstatur og besøke meg og Lars til dømes. Kjekt å få besøk i alle fall. 

Eg var litt i tvil om eg skulle gå på Vernet i regnveret, men eg gjekk og syntest det var godt å ere ute.Eg har dessverre ikkje fått gjort så mykje i hagen -mykje på grunn av veret. Men der står store oppgåver og ventar. Erlend og eg skal ta ned plommetreet, og så har eg snakka frampå om vi skal lage ein potetåker. Eg kan no ikkje ha plen over alt !


Her ser vi dei tre små trea som Wenche planta i fjor; dei kjem sikkert til å vekse fort når dei kjem i gang.Bra at eg laga til dette jordstykket i fjor, for i år veit eg ikkje om ryggen toler så mykje.


Her stod den store klungerrosa "Rosa Moyesi"som Rasmus hjelpte meg å fjerne i fjor. Eg veit ikkje kva som skal skje her. Men eg har no kjøpt nokre sekker med mold som kan komme godt med. 

Eg må innrømme at eg har ein altfor stor hage til at eg kan stelle den heilt åleine no når eg er gammal og har dårleg rygg. Skal ein hage vere fin å sjå til, krevst det ein god del arbeid. Naboane mine på begge sider har fine og velstelte hagar, men dei er to.Elles så er det no litt av kvart å sjå rundt omkring.  Eg lurer på om eg skal låne ei geit eller to over sommaren?
 

Dagbok 2026: 26.august

Klokka er no 18.36, temperaturen ute er +20 grader C og det har vore ein nydeleg dag, med sol og varme. Eg var relativt tidleg oppe og fekk ...