torsdag, oktober 04, 2007
Heime i Starevegen att.
Ja, no har vi sanneleg fått lufta oss! Dette blir berre eit kort referat av det vi har gjort sidan vi reiste frå Kongsberg; seinare blir det bilde og litt meir detaljar.
Tysdag reiste vi altså frå Kongsberg. Vi køyrde til Horten, tok ferja til Moss og så var neste stopp Vaterland i Fredrikstad. Det er ein gammal bydel med små antikvariske hus. Vi overnatta der og fekk godt stell av Karen Marie og Øystein. Dei er veldig gjestfrie. I går morgon var det skodde og grått, men vi trudde det skulle lette utover dagen. Det gjorde det ikkje - der vi var i alle fall. Vi køyrde til Rakkestad-Momarken -Ørje og til Sverige ein liten tripp. Hamstra litt mat i Arvika og åt middag der. Så gikk turen til Charlottenberg-Kongsvinger-Skarnes og Hamar. Der overnatta vi på Rica- hotellet.Vakna i dag til fotsid skodde som ikkje letta skikkelig før vi var på Strynefjellet. No skal vi ha oss litt mat og rydde på plass alt rotet vårt. Vi kom heim like heile denne gongen også, og har hatt det kjekt.

tirsdag, oktober 02, 2007
Leaving Kongsberg
No er kofferten pakka og vi skal snart fare. Veret er strålande, men det er kjempetrist å reise ifrå smågutane.Veit berre så altfor godt at det kan bli ei stund til vi ser dei att. Har ikkje heilt bestemt reiseruta enno, men vi finn vel ut av det etter kvart. Det tek berre eit par timar til Fredrikstad, og KM sluttar ikkje på jobb før i 16.tida, så det er ingen ting som hastar. No blir det ikkje meir blogging før vi er heime i Starevegen. Eg har lese alle bloggane mens vi har vore her, men har ikkje fått til å skrive kommentarar. So long!!!!
mandag, oktober 01, 2007
Kongsberg mandag
I dag lettar det visst opp att her. Har snakka med Karen Marie i telefonen og avtalt at vi reiser dit i morgon. Ho har invitert oss til å overnatte. Kva det blir til vidare veit eg ikkje, må sjekke forma dag for dag.
I ettermiddag/kveld skal vi opp i Bjørneveien til Sigrid og Arne og drikke kaffi. Wenche skal jobbe i dag og i morgon. Så reiser dei til Langesund på onsdag.
I ettermiddag/kveld skal vi opp i Bjørneveien til Sigrid og Arne og drikke kaffi. Wenche skal jobbe i dag og i morgon. Så reiser dei til Langesund på onsdag.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...