fredag, februar 06, 2026

Dagbok 2026:6.februar

                                              Siste glimt av sola i dag, klokka 16,30

Så har enda ein fin dag gått over i historia. Eller sagt på svensk; "Så går en dag ifrån vår tid och kommer aldrig åter". Slik er det berre.

I dag har vi hatt sol heile dagen , trur eg. Eg kan ikkje hugse ar vi har hatt så fint ver i februar før -det må i alle fall vere lenge sidan. Men kaldt er det for det meste, men i dag slo eg av varmepumpa ei stund, det skjer ikkje ofte.

Eg har lenge gått og tenkt på å flytte nokre bilde på stove-veggane, og i dag sette eg i gang-utan å tenkje på at høgrehanda  ikkje er i form. Når ein har låke armar skal ein ikkje henge opp bilde, såpass burde eg ha tenkt sjølv. Eg vart heller ikkje ferdig med jobben.

Eg tok heller ein spaserertur; i dag hadde eg lyst å gå på Vernet men fann ut at det er tryggare på vegen. Eg går med piggsko og stav, så eg er no forsiktig. Då eg kom heim att laga eg meg litt mat og etter at eg hadde ete sette eg meg i godstolen min og sov-trur eg. Eg har fleire uløyste sudokuar liggande og det irriterer meg, for eg brukar å løyse alle i Møre_nytt, og no har eg så rikeleg med ark som eg har printa ut på den nye printeren.

I dag er det altså fredag,men eg har flytta vaskedagen min til onsdag, slik at eg skal ha fri heile helga. Og denne helga er det morsdag, og Margrete har invitert meg på restaurant her i Ørsta.Eg lever eit godt pensjonistliv. Enn så lenge.

Eg serno at det står på PCen: "minus 12 grader.Mest skyet" så eg må kansje kveike i omnen likevel. 


 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:6.februar

                                              Siste glimt av sola i dag, klokka 16,30 Så har enda ein fin dag gått over i historia. Eller ...