tirsdag, februar 03, 2026

Dagbok 2026: 3.februar


 No er klokka 16.42, temperaturen ute er minus 5  grader og det har vore ein fin dag med mykje sol, men no har sola gått ned.

Dagen starta ikkje så bra, for  eg  hadde ei litt trasig natt. Då eg la meg hadde eg ikkje vondt nokon stad, men utpå natta vakna eg med veldige smerter i hender og armar, eg forstår ikkje kva som gjer det, har ikkje høyrt om slikt før. Eg var vore nesten heilt bra i mange dagar, og så blir det slik. Ja, men  eg sovna igjen og sov til morgonen, Eg var rimeleg bra då eg stod opp, men så skulle eg lage meg kaffi, men det vart berre tull-eg trur kaffitraktaren er ute på dato,men eg vil no prøvekøyre den før eg kasserer den. Eg gjekk no her og tusla utan å gjere så mykje, men då det leid på dag tok eg meg ein relativt lang spsertur: Ut Starevegen, opp Storebakken, ned Fonnavegen,ut heile Olavsgata,opp Storebakken eit stykke og inn att Starevegen . Eg  trefte ingen eg kjende i dag, men det var ein mann som kanskje kjende meg som stoppa og prata. Eg sa som sant er at eg kjende han ikkje fordi han hadde så mykje klede på seg, då sa han kva han heitte og at han no gjekk med piggsko han som eg, no når han var så gammal, han var 70 år snart. Det slo eg han med 16 år!!!! 


Her ser vi opp til fjella og Fonnvernet.    Alle som eg snakkar med åtvarer meg om å gå på Vernet,men eg går der aldri når der er snø og is. Såpass forstår eg sjølv.

Der var ingen ute og moka snø idag så eg gjekk relativt fort av garde, ned Fonnavegen og i dag la eg merke til at dei store trea nede i krysset var vekk, så huset vart meir synleg.Eg kjende dei som budde der ein gong.


Så gjekk eg ut heile Olavsgate, eit stykke opp i Storebakken igjen før eg kom inn Starevegen. Det er godt å komme seg ut litt og akkurat no er føtene mine bra, mens hendene tek støyten. I morgon får eg besøk av ei venninne , vi skal gå på kafe, for eg kan ikkje lage kaffi heime.

I går kveld var Erlend opp til meg og fekk litt orden på TV.en Eg tur eg må ha litt hjelp i dag også, med printeren.Eg får høyre om han er heime.

            

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 3.februar

 No er klokka 16.42, temperaturen ute er minus 5  grader og det har vore ein fin dag med mykje sol, men no har sola gått ned. Dagen starta i...