mandag, oktober 25, 2021

Dagbok 2021: 25.oktober

Klokka er no17.45, temperaturen ute er + 9 grader, og eg trur det har slutta å regne no. Før i dag har det plaska ned i eitt. Dagen har gått veldig fort utan at det har hendt så mykje. Men eg hadde i alle fall ein plan i utgangspunktet; eg skulle bake brød, måtte få brukt opp litt av surmelka eg kjøpte inn til balldagen. Det vart tre brød og ei plate med rundstykke av deigen. Eg brukar aldri oppskrift når eg bakar brød, det plar gå bra, men i dag hadde eg hatt litt for lite grovmjøl i deigen, men det er no verst for meg sjølv, Eg prøver å få i meg mest muleg jern + C-vitamin. Solveig har tenkt ut dietten min for å få opp blodprosenten. 

Etter at eg hadde gjort ferdig bakinga og rydda kjøkkenet, gjekk eg ein tur på Vernet i plaskande regn.

Eg hadde på meg regnjakke med hette, blant anna, men den hetta brukar alltid i sige ned framfor ansiktet og augene. I dag fann eg ei løysing, eg tok på meg ein caps medt stor skygge og hadde hetta utanpå. Det gjekk fint. Men buksa var klissvåt då eg kom heim, og kofta som eg hadde under regnjakka var våt opp til albogane men det var no berre å finne seg tørre klede. Eg likar i grunnen å vere ute i regnet-når eg er kledd for det og ikkje frys .

Så var det "middag"- nybakte rundstykke og ein liten boks med makrell i tomat-det eg kallar nødproviant.

Etter middagen las eg ut boka mi og strikka litt etc. før eg kokte kaffi. 

Marit og eg "pratar" heile dagen på Messenger og planlegg vegen vidare. I morgon skal vi på trening med kvar sin bil, for ho skal til tannlegen etterpå. Det er ho som skal bestille influensavaksinering for oss begge.

Onsdag er den store dagen, men vi skal ha spansk på føremiddagen likevel. Eg har hatt ein del å ordne med til jubileet, men det er no Eli som har tatt den største børa. Det er over 50 som har meldt seg på. I tillegg kjem folk frå fylkesleiinga t.d.

I dag fyller lillebroren min 80 år. Eg kan hugse så langt tilbake at han låg i barnevogna og sov mens eg sat ute på trappa. Rett ovafor huset dreiv tyskerane og laga skyttargrav. Dei sprengde litt, og ein liten stein for gjennom lufta og traff handa mi. Eg hylskreik, ikkje fordi det var så vondt, men fordi eg vart redd og trudde dei skulle skyte meg. Ein tysk soldat kom springande og ville sjå kva som hadde hendt.  Mamma tok ei av bleiene til Svein og surra rundt handa mi. Dette er noko av det eg hugsar frå første tida Svein levde. Seinare hugsar eg mykje av det vi fann på. Vi leika mykje i lag då vi var små og budde i Prestegarden. No er vi gamle, men har oppnådd å bli 80, begge to. Ikkje alle oppnår den alderen,

Gratulerer  med dagen, Svein. Eg kjem ein tur så snart eg kan.



 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...