mandag, desember 02, 2019

Dagbok 2019:2.desember


Klokka er no 18.40, temperaturen er framleis 0 grader, og snøen smeltar ikkje. Det kom enda litt til på føremiddagen. Eg er framleis låk i armane og lite arbeidsdyktig, men det verste er eigentleg å sitte i ro. Eg søv om nettene og delvis om dagane, det er mørketid!
I dag stod eg opp i nokolunde skikkeleg tid, og vaska håret før frokost. Eg skal vere glad i morgon når eg har vore hos frisør, for no har eg gått rundt som eit skogtroll på hovudet i lengre tid.
Det vart fint moka på tunet i går, det var berre det at der stod att ein snipp akkurat der som eg plar rydde bilen ut. Eg prøvde å spade vekke noko, men det var for hardt og tungt for meg. Det som plogen legg att er ikkje å spøke med. 
Så gjekk eg inn og støvsuga i staden. Det var no greitt nok. Eg saga litt ved, og i mellomtida kom leigebuarane heim. Eg sat og tenkte litt, og fann ut at eg måtte komme med ned på apoteket uansett om eg måtte gå. Det er det høgre auge mitt, det kjennest ut som om der er eit rusk. Det plaga meg på laurdag, men i går var det bra.  Eg trudde eg var ferdig med det, men så begynte det i dag igjen. Ein gong for fleire år sidan hadde eg tørre flekkar på eit auge, og det fekk eg bukt med når eg brukte kunstig tårevæske, så det har eg prøvd å ha i hus. No var lageret tomt-derfor måtte eg på apoteket. Viss der er andre som treng kunstig tårevæske så kjøp den som er i gelé-form. Den rennande er ikkje så mykje hjelp i.
Men slik tunet såg ut og bilane var parkert kom eg meg ikkje opp på vegen. Då sende eg ei melding til Erik nede i kjellaren og han kom og spada vekk snø, slik at eg greidde å rygge ut, utan å skade bilen hans. På bildet kan de sjå situasjonen. Erik stod og såg på mens eg rygga, men eg har nokre veldig bra sidespeil !
Så køyrde eg til Vik. Føret var om lag slik som det var då eg køyrde opp til sertifikat den 14.desember for 40 år sidan. Eg har aldri vore redd å køyre på vinterføre, for det var det eg vart mest vant til første tida.
På ALTI var der mykje folk, som vanleg, men eg trefte berre to eg kjende. Kjøpte litt mat på Bunnpris, så slapp eg å gå inn fleire stader. Åt då eg kom heim, og sette meg framfor datamaskin, men då ville eg berre sovne, så eg gjekk inn og fyrte i omnen, sette på TV og sovna i stolen.
I morgon har Marit bestilt taxi til treninga, ho har rett til gratis drosje, og eg får sitte på både ned og opp att, men fram på Mo til frisøren må eg køyre sjølv. Det går sikker bra.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...