KLokka er ca 19.30. Temperaturen ute er +1,6 grader C, det har vore regn og slapsete vegar i dag. Eg ville jo heller hatt litt meir snø og kulde, men vi får kanskje det også.
I dag før middag kunne eg ikkje sette i gang med noko storarbeid, sidan vi skulle til Volda og på butikkrunde når det lei på. Eg begynte å pynte til jul , så no er det båre advent- og julefargar i stova.
Eg fann ut at eg skulle pusse kopar og messing på ein lettvint måte. Fylte kaldt vatn i ei bøtte, tømte i ein pose citronsyre+ ein sprut Zalo. Let kjelar og lysestakar ligge ei stund i vatnet, før eg skylte i reint vatn og tørka med frottehandduk. Alt vart blankt og fint. Kor lenge det varer er ikkje godt å seie, men det varer ikkje så lenge om ein pussar på gamlemåten heller. Eg har gjort det same før, då med vinsyre, men dama på butikken sa at citronsyre er betre. Som de ser skriv eg citron med C, det er fordi det er i ein vanlig krydderpose, og dei er som oftast plassert alfabetisk. Og det står altså citronsyre på posen.
Eg bytta til raude lys i lysestakane og sette fram nokre juleting. Dukar og løparar skal på i løpet av helga.
Vi reiste til Volda, der kjøpte vi eit par julegåver etc. før eg var på Smerteklinikken og fekk mine sprøyter. Paradoksalt nok var eg ganske så bra i dag. Eg er verre no, men lit på at det kjem seg att.
Elles har vi henta pakken frå Rasmus, handla eit par småting på Amfi + litt mat.
Då vi kom heim laga vi oss herlig middag, julepølser med poteter og rabbe+ ribbefeitt frå i fjor. Og så vart det sjølvsagt middagslur etterpå og kaffi etter oppstandelsen.
Så vil eg ønske alle ei fin helg!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:24. august
Klokka er no 20.44, men det er lyst og fint ute enno. Det har vore ein fin dag. Sidan eg ikkje kom meg inn på datamaskina for å lese kva le...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
1 kommentar:
Takk for tipset med citronsyre. I dag vart det krumkake-steiking her i huset. Har hatt visitt av Øyvind, Stein og Mira no i kveldinga, som kjent er krumkaker ein av favorittane til Stein...
God helg!
Legg inn en kommentar