tirsdag, november 04, 2014
Dagbok 2014: 4.november
Klokka er 14.30, temperaturen er + 7 grader C og det blæs -iskald vind.
Eigentlig stod eg på farten til å gå ut og rydde i hagen, men etter å ha hengt ut ein klesvask var eg iskald på hendene og må i alle fall tine meg opp att først.
Nils er hos legen. Det er ikkje noko alvorlig, berre førarkortet som skal fornyast. Synstest har han tatt hos optiker, så det slepp han unna.
I dag hadde vi i grunnen bevilga oss ein fridag, og tok ein tur i Rjåneshamna for å ause båten vår. Dvs. Nils auser, mens eg går ein liten tur og tek bilde. Det var relativt stilt på Ørstafjorden i dag, men i Vartdalsfjorden gjekk det kvitt; det kjem an på vi vindretninga kvar det blæs mest.Etterpå var vi nedom ei anna hamn og ausa båten til Jørn. Han er ikkje heime for tida.
Eg er glad vi har båten vår i Rjåneshamna for der er det TV-overvaking. Det har vore ei rekke innbrot i Ørsta i det siste. Tannlegen "vår" kom att frå Kristiansand, og då hadde der vore innbrot i huset hans, smykke og sølvtøy var stole. Dei hadde ein del arvesølv frå 1800-talet som i tillegg til vanleg verdi, også hadde affeksjonsverdi for dei. Det er trist at det har blitt slik, også her i fredelege Ørsta.
Vi åt tidlig middag i dag. Varma opp siste porsjonen av blandaball frå frysaren, men vi hadde laga altfor store porsjonar, så der er enno noko att.
I morgon er det møte i pensjonistlaget, så då kan vi ikkje ete ball først.
Det første eg gjorde i dag etter frokost, var å strikkje ferdig hua som eg begynte på sundag. Den er i dobbel alpakka, passa til Nils, og han ville ha den i farsdagsgåve. Så då er det i boks.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024:22.desember
Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er grader C og det regnar litt småt...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
1 kommentar:
Det er trist med innbrot!Og irriterande om tjuvane slepp unna med det!
Legg inn en kommentar