lørdag, mai 03, 2014

Dagbok 2014: 3.mai.



Klokka er snart 19.00.Akkurat no er det eit lite solstreif ute, men det er surt og kaldt, temperaturen er +6-7 grader C. Det er overskya, men opplett. Vi var litt seine i avtrekket i dag, hadde ikkje lagt planar for dagen, men utpå føremiddagen tok vi ein tur på Amfi, det er der ein treffer kjentfolk. 
Nils hadde ærend på apoteket, og der trefte eg ei "gammal" veninne. Mannen hennar er/var fiskar, så han og Nils har alltid mykje å snakke om. Vi sette oss på kafeen, drakk kaffi og prata ei god stund. Så handla vi det vi skulle ha, og for heim att. Eg hadde gjort klar risgraut før vi for nedover og sett i steikomnen, så den var nesten ferdig til å ete.Vi har rikelig restar frå i går, men det frista meir å vente til i morgon med dei. Så i dag vart det altså graut med litt spekemat til. Eg var så syndig at eg la meg på sofaen etterpå og las i lydboka mi. Nils slappa av ei stund, men så for han ut og flytta alle vedsekkane, som låg ovapå garasjen, ned i tilbygget. Etterpå måtte han spyle veggen for rusk og spindelvev.
 Det har vore mange bilar og mykje aktivitet i Starevegen i dag også. I morgon skal ein av naboane ha den nye båten sin på sjøen, så då går eg ut frå at Nils skal vere med. Eg frys berre eg ser nysnøen som ligg i fjellet kvar morgon, men no er det vel snart slutt på snøbygene.
Var ute og skulle ta bilde av tulipanane, men bilda vart så mislykka at eg legg dei ikkje inn på bloggen. Det er like før det blir skikkelig tulipanblomstring, så eg får vente til då. Sette mange nye løkar sist haust, sidan dei gamle var øydelagde av frost.

4 kommentarer:

solveig sa...

Eg og kjøpte nokre nye løkar i haust, men som vanleg angrar eg på at eg ikkje var rausare ...

Besta sa...

Ja, det kan nesten ikkje bli FOR mange tulipanar- før etter dei er avblomstra. Då er dei ikkje så kjekke lenger.

arieldog sa...

Eg sette ein del (100 stk)lauk i haust, og dei står fint no. Det var billegaste sort tulipanar og små påskeliljer, for eg trur at "billeg er villeg". Til hausten skal eg fylle opp eit anna bed, slik at det blir meir neste år. Det blir aldri for mykje blomar, spesielt ikkje om våren.

Besta sa...

Det er eg enig i ,Margrete, men problemet er alt "graset" som står att etter at blomstrane er visna.

Dagbok 2024: 21.desember

 Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...