Mange (grå) bilar i Starevegen.
Klokka er 18.30, temperaturen +14 grader C. Det er lettskya og fint, berre nokre små regndropar i løpet av dagen.No har Nils og eg rusla ein relativt lang tur rundt om på Vallabøen, lenge sidan eg har fått skikkelig mosjon no, det har vore mykje bilkøyring.
Før middag styrte eg litt på kjøkkenet. Har invitert heile familien på fårikål i morgon.Det er litt av eit puslespel å få hanka inn alle, for særlig dei unge har mange jern i elden.Eirik og Amanda spelar fotballcup t.d. Men dei får kome dei som kan, det er verken fødselsdag eller noko anna, men synest det er kjekt å samle barn og barnebarn. I all enkeltheit kva maten angår.
Vi var ein liten tur nedover og handla div. mat f.m. Og så skulle vi prøve ein ny middagsrett, nemlig steikt hyse. Eg har berre ete kokt,røykt hyse. Har vanligvis laga fiskemat av den fisken. Men steikt hyse (kolje) var skikkelig godt det! Så det skal vi ha oftare.
Slappa av litt før vi drakk kaffi. Eg rydda litt i huset og så gikk vi altså tur.
I dag har eg ikkje hatt vondt i ryggen eller nokon annan stad.
No gjer vi oss klar for ein lang TV-kveld.
God helg til alle!
1 kommentar:
Eg trur det var lange vi steikte ved ein "feiltagelse" Det var og godt!
Legg inn en kommentar