torsdag, august 08, 2013

Dagbok 2013: 8.august.

 Helsing frå Rhodos.

Klokka er snart 21.00, og eg kom nettopp inn døra etter ein relativt lang kveldstur. Temperaturen er +16 grader og det er overskya. Det godt arbeids- og turvêr.
Det har ikkje hendt så mykje i dag. Før middag var vi ein tur nedover, handla litt, prata litt med folk og var innom biblioteket. Der var ikkje så mykje å finne, men eg har "bestilt" nokre bøker hos biblioteksjefen, så eg får vel snart tak i meir. Likar best å lese nye bøker, slike som er aktuelle og som folk snakkar om. Mange av dei gamle bøkene har eg lese før, om det enn er lenge sidan. Når eg går tur åleine, har eg nesten alltid ei bok på øyret.
Til middag i dag hadde vi steikt småsei, og det smakte utrulig godt. Etter at vi hadde ete, kvilt litt og drukke kaffi, var eg ute i hagen og rydda på grensa til naboen nedanfor. Brukte kantklipparen rundt staudene, men den held ikkje i 40 minutt slik dei sa at den skulle gjere, så eg vart ikkje heilt ferdig i dag heller.
I morgon er det fredag igjen, synest fredagane kjem stadig oftare. Slik var det ikkje før.

2 kommentarer:

solveig sa...

Her vart det sei i karrisaus i dag.

Anonym sa...

Tunfisk her

Dagbok 2024: 24,november-ein månad til julaftan-

Strikk og musikk Klokka er no 19.19, temperaturen ute er + 6 graderC , så no smeltar både snø og is-heldigvis. I dag har eg ikkje vore ute f...