fredag, august 16, 2013

Bok nr. 42 - 2013: Vær hos meg.

Megan lever det gode liv i Amerika. Hun bor i et stort og elegant hus, har dyr bil, to vellykkede barn og en perfekt ektemann. Men om livet hennes virker feilfritt nå, er fortiden full av løgner. Få vet at hun en gang het «Cassie», og tjente til livets opphold som stripper. Men så forsvant en av hennes forbindelser sporløst. Det er sytten år siden.
Fremdeles forsøker førstebetjent Broome å løse saken. Hvert år besøker Broome mannens familie, som håper og tror at han skal dukke opp igjen. Da Carlton Flynn blir borte på årsdagen for Greens forsvinning, setter det i gang en kjede av bevegelser. Hemmeligheter alle trodde var begravet for godt stiger opp til overflaten, og viser oss den mørke baksiden av den amerikanske drømmen.


Eg har lese fleire bøker av denne forfattaren, og likt dei fleste.Denne boka har eg hatt litt vanskelig for å legge ifrå meg, til tross for at eg ikkje er overbegeistra.
Eg les altfor mykje krim, fordi det er bøker som ofte egnar seg å lese som lydbok. Denne boka vart litt problematisk fordi her var eit relativt stort persongalleri, som eg hadde litt problem med å halde orden på. Dessutan skifta "scenene" veldig ofte, noko som også kan vere eit problem når ein ikkje er heilt konsentrert. Mykje av boka har eg lese på solseng, på spasertur og på senga - altså ikkje med full kons.
Det handlar sjølvsagt om ein seriemordar, og den fulle sanninga blir ikkje klar før heilt til slutt. Då kjem alt på plass.
Min dom er : Grei nok, men ikkje heilt på topp.
Boka er veldig "amerikansk"- noko som ikkje er positivt for meg.

3 kommentarer:

solveig sa...

Eg las den på engelsk - brukte berre nokre få dagar. Det er ein fordel. Likte boka mykje betre enn neste eg las av forfattaren.

Besta sa...

Det eg ikkje likar med denne boka er først og fremst "romantiseringa" av forbrytelsar etc. Men slutten var i grunnen ikkje så verst.
Når du les bøkene på engelsk blir det litt annleis, du blir sikkert meir fokusert på språk etc. Dessutan er eg lei av krim. No skal eg til på Thomas Enger sine bøker. Krim det også.

Besta sa...

PS: Det er mykje lettare å halde greie på namn og personar når ein les på papir. Men det veit du vel. Og "sceneskifta" er vel også tydeligare. Ikkje ofte eg ser papirbøker, så eg er ikkje heilt orientert.

Dagbok 2024: 22.november

Klokka er no 16.18 og bildet over er tatt for eit par minutt sidan. No sit eg her inne i huset mitt og er så å seie innesnødd. Ser de godt e...