mandag, mai 14, 2012

Vêrmelding 14.mai 2012

Klokka er snart 20, ute er det regn og grått, som før. Og temperaturen er + 7 grader. Ingen skjønn og mild mai så langt.
I dag reiste Anne Marie, og no er ho heime att på øya si. Der er det no sol og fint ver- i motsetning til her.

Eg laga lapskaus av restar frå i går m.m. Klokka 13.00 var eg på styremøte i pensjonistlaget, og klokka 16.00 kom Margrete, Amanda og Erlend til middag. Så vi har hatt ein innhaldsrik dag. 








Mens dei var her fann eg fram dei gamle russekorta mine, og russekjolen frå 1958. Amanda fikk prøve den utanpå one-piecen. Den har ikkje vore under stykejernet på over 50 år, så den var ikkje direkte nystroken. Litt artig å sjå att det vide skjørtet-kanskje 50-talsmoten kjem att?


Russekjole anno 1958. Manglar berre  eit breitt kvitt belte rundt livet. 
I dag gratulerer vi farmora i Volda med dagen! 

2 kommentarer:

solveig sa...

Russeantrekket var no finare enn dagens! Frå kjole ril kjeledress ...

Besta sa...

Kjolen var no fin ein gong i tida, og stoffet er like godt enno-ein slags poplin, trur eg.Alle hadde kjolar av samme stoff, men med ulik "fasong".

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...