onsdag, januar 19, 2011

Vermelding 19.januar 2011

Klokka er no 12.00. Ute er det overskya, og det snør -  eller er det sludd? Våt og tung snø er det i alle fall.Temperaturen er så vidt over 0 grader.
Bilen har stått ute i natt, for Nils skulle rydde og gjere reint i garasjen. Han har no kosta av den ein gong i dag. Eg har ikkje gjort så mykje enno i dag, berre rydda og styra litt. Det vart mykje kaffi og prat på samlinga i går kveld, og tilsvarande lite søvn i natt. men det er ikkje så farlig når ein er pensjonist og slepp å møte "frisk og opplagt" på jobben.
I dag kan vi gratulere Øyvind på Eid med 18-årsdagen.

2 kommentarer:

solveig sa...

Det er i alle fall mykje ver å skrive om for tida. Godt at isen forsvann.

Besta sa...

Har isen forsvunne? Ikkje her i alle fall.

Dagbok 2024: 2.mai

Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...