Klokka er nesten halv tre. Ute regnar det, og temperaturen er + 3 grader C. Fint ver å vere inne i, for å seie det slik, og lite håp om å få sjå sola i morgon. I dag var Nils til rutinekontroll på legesenteret, etterpå var vi nedover på Amfi, og så var vi ein liten tur på El-kjøp. På heimvegen stakk vi innom REMA 1000 og kjøpte litt mat. Vi måtte kjøre heilt opp til inngangsdøra, for i heile tatt sette bein under oss; den store parkeringsplassen var som eit einaste isøde. Kunne ikkje sjå eitt sandkorn. Då eg kom ut døra tok eg dette bildet. Vi kom oss i alle fall heile heim, og no har vi hatt oss eit betre måltid med steikt sei, gulrot og potet.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:¤.juni
Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein. Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
3 kommentarer:
Eg håper det regnar så mykje at skeiseisen forsvinn!
Uff, ja no er det glatt!
Synest Rema kunne ha tatt seg råd til litt strøing...
Trur ikkje der var mange kundar i dag, verken på den butikken eller andre. Slike dagar er det greitt med kjøpesenter.
Legg inn en kommentar