lørdag, januar 01, 2011

Men går jag över ängarna


Så er vi over i det nye året, som eg insisterer på å kalle 20-11. Håper at dei fleste har hatt ei fin nyttårsaftan. Nils og eg har vore heime åleine i år, og det er jo heilt i orden, ein er ikkje åleine når ein er to.
Det blei mykje mat og mykje TV.
Når eg som første innlegg i det nye året har valt denne songen, har det to grunnar.1. Det er ein vakker song som eg er glad i ,og to flinke songerar, som for øvrig er blitt eldre enn dei var her. 2. Det er ein fin saksofonsolo inne i songen, så eg tenkte å oppmuntre Olaug jr. til å lære seg den med tid og stunder, no når ho ha bytta klarinetten ut med saksofon.Så vil eg ønske alle lykke til i det nye året! Godt nytt år.

DAGBOK 2024: 16 MAI

Idag har maskina mi fått ein ny ide; når eg vil ha små bokstavar; så skriv no store ; og nåreg vil ha store så skriv ho små: Derfor må eg si...