Det har blitt ein tradisjon i familien å hente fram gamle bilde og tilhøyrande historier når nokon i familien fyller år.
Dette bildet av alle tre søskena må vere frå sommaren 1969 (1970 ?).Vi har trilla Margrete i vogna, og dei andre har gått, frå Trovågen og ut i Rørdalen i Solund. Mora til Nils vaks opp i huset i bakgrunnen i lag med 8 sysken, Johanna var den yngste. Huset står der enno, og det har blitt restaurert.
Elles er det litt artig å legge merke til korleis ungane våre var kledde, ingen rosa rysjer og kapper på jentene den tida. Våre barn var politisk korrekte i unisex-moten. Gutar og jenter i samme slags klede.Her kan de sjå at eg hadde strikka like genserar til dei to eldste i ulike blåfargar.Den tida var ikkje barnekleda så billige som no, så søskena arva etter kvarandre, og sidan Rasmus skulle overta kleda, vart det tatt omsyn til det når vi kjøpte til Solveig.
Solveig var kledd i blått heilt frå ho var fødd, ho kledde rett og slett ikkje rosa. Og sidan ho hadde svært lite hår då ho var baby, var det mange som trudde det var ein gut eg hadde i vogna.Ein fast replikk til ho var godt over året var:"Har ho ikkje hår ?"- og eg svarte: "Ho får sikkert hår ho også". Og det fekk ho!! Og har det enno.
Solveig var ei flink og pålitelig storesyste heilt frå Rasmus vart fødd då ho var ca 16 månader, og den storesysterolla meiner eg ho har enno. Faktisk var småsøskena meir lydige når ho snakka til dei enn når eg gjorde det. Det kan no hende ho hadde sine metodar?
No vil vi gratulere Solveig så mykje med dagen! Dagen mellom kong Olav og Sonja var det før. Frå den dagen ho vart fødd hugsar eg spesielt søster Åse, som kom inn på fødestua med ei rose frå sjukehushagen, og sa: "Her kommer jeg med sommerens føste rose !" Vanskelig å finne utsprotne roser i dag.
Ha ein fin dag, Solveig!
3 kommentarer:
Takk for fine ord! Blåfargen likar eg enno!
Gratulerer frå oss på Kongsberg !
Hugsar godt den dagen ho vart fødd sjølv om eg ikkje var "tatt opp i familien" på den tid. Bestemor Amanda var letta og glad når alt var over.. Ein fin sommar.
Eidabesta
Legg inn en kommentar