onsdag, februar 17, 2010

Gratulerer med dagen, Ambjørg!

I dag fyller ei kjær barndomsveninne 70 år, og så kjem vi vel etter vi andre som er på bildet. Ja,minst ei har vel alt runda milepelen, og ikkje alle finst lenger. Bildet er tatt då vi gikk i 2.klasse på Eid skule. Lærarinna vår heitte Astrid Midthjell, og vi som begynte i lag, gikk i lag alle åra på folkeskulen.Om nokon skulle komme til å sjå denne helsinga hadde det vore artig å få ei lita tilbakemelding.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Koseleg bilde, Besten har fortalt meg namna på alle saman. Enig med Lappetausa som skreiv ein gong at ho kjenner ei som er lik deg, trur ho meinte Kristine, er enig med henne, berre fargane er ulike - ho lys og du mørk.
Eidabesta

Besta sa...

Eg kan ikkje sjå likheita, men eg var ikkje så veldig mørk i håret då eg var lita.Og brune auge har vi begge.

Dagbok 2024: 1.mai

  Klokka er no 17.22, temperaturen ute er + 20  grader, og no skin sola igjen etter at det kom regn midt på dagen. Det har vel vore rimeleg ...