søndag, mars 22, 2009

Nostalgi.


Alle dei gamle bilda som Margrete har lagt inn på bloggen sin, har fått meg til å tenkje langt tilbake.Til den første gongen eg forstod at når eg vart "stor", var der andre som blei gamle.
Eg vart nesten på gråten då vi las dette diktet i leseboka,det gjorde sterkt inntrykk! At eg elskar bøker er vel noko som alle har forstått, og Austlids lesebok 1.bandet er ein av mine største favorittar frå barndommen. Vi brukte den boka i 2.og 3.klasse, trur eg.Nils har hatt same boka på skulen, og enno hugsar vi begge både songar og vers som vi las.
Og forteljingane og teikningane.

4 kommentarer:

solveig sa...

Det var skikkeleg litteratur den gongen, forstår eg!
Eg vaks opp med Ola-Ola!
Mykje av Egner er vel heller dårleg litteratur i dag. Har du dei bøkene?

Besta sa...

Ja, Austlids lesebok nr.1 har eg sikra meg, for å seie det slik.Elles meiner eg at Austlid var morfaren til den første "rektoren min" på Velle, om eg ikkje tek feil. Boka er i alle fall veldig fin, og eg kan enno glede meg over dei fine teikningane. Skal kome med fleire døme seinare.

Hildegard sa...

Vakre dikt. Ja, skulebøkene før og no kan vel ikkje samanliknast. Trur nok borna no går glipp av ein del gode verdiar - utan at dei er klar over det - no er det data, mobil, MP3 som rår. Kjenner meg igjen i korleis du beskriv dette med alder og sånn, skjønar godt at mange har vanskar med å takle det.
Eidabesta

Besta sa...

Det som slår meg med "barnekulturen" i dag er at den er så høglydt !Kan hugse at eg likte godt å lese triste forteljingar i barndommem, men ikkje BERRE det.Barn må få bruke alle følelsane sine både når dei les og elles. Dette diktet er ikkje så høgverdig poesi, men det rørte ved noko i meg då eg var i 8-10-årsalderen.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...