fredag, november 14, 2025

Dagbok 2025: 14.november


 Klokka er no 16.23, og det mørknar ute. Temperaturen ute er+1 grad og det er overskya.. Vi er vel ikkje åleine om å få eit lite vintersjokk, for så tidleg er det ikkje vanleg at vi får snø. Eg orka ikkje å begynne å moke, for eg reknar med at snøen renn vekk etterkvart, men eg tok spaden og moka trappa og laga ein veg til postkassa. Då eg seinare på dag gjekk ut i garasjen etter ved, vassa eg berre gjennom snøen. Når ein har vond rygg kan ein ikkje ta det så tungt.
 

Eg måtte ut att i garasjen for eg hadde ikkje slått av lyset.

Eg spada meg ein liten veg til postkassa. etter at eg hadde moka trappa.

Det er alltid styr med den første snøen, men at den skulle kome så tidleg i år, var eg ikkje budd på.
Elles har eg vaska fredagsvask, bytta på senga og vaska ei full maskin med klede som eg har tørka i trommelen og lagt i hop no.Det er ikkje mykje å skryte av, men som sagt er eg låk i ryggen i dag og då greier eg ikkje så mykje. Eg håper snøen smeltar og renn bort av seg sjølv,for i morgon har eg no tenkt å ta ut bilen. Eg plar handle på KIWI laurdag fømiddag.
I dag er det den 14.november og det var fødselsdagen til Nils, han hadde vore 89 år om han hadde fått leve så lenge.

Eg har kveik litt i omnen for å få det skikkeleg varmt og godt og så har eg tatt fram strikketøyet, og så får eg sette på TV-en. Apropos TV så syntest eg det var kjekkare program før i tida. Den tida då alle såg dei samme programma og vi ikkje hadde så mykje å velje i- .
No vil eg ønske alle ei god helg!



torsdag, november 13, 2025

Dagbok 2025: 13.november

                           Ca klokka 15.

Klokka er no 17.33, temperaturen ute er +2 grader C. Og det som kjem ned frå himmelen er enno flytande. Meldingane truar med snø, men no har eg piggdekk, så det er ikkje SÅ skræmande.

I dag var vi på trening, Marit og eg, og på heimvegen handla vi på KIWI, som vanleg.  Eg var heime ei stund før eg køyrde til Vik og parkerte bilen ved ALTI før eg gjekk opp i gata. Eg venta på Ragnhild, vi skulle møtast på Fru Svendsen,  og Ragnhild kom på minuttet. Etter at vi hadde drukke kaffi  var vi ein tur på Aandals, der er mykje fint som ein kan kjøpe, men ein finn ikkje alltid det ein er på "jakt" etter. Og slik var det i dag. Det var Ragnhild som skulle kjøpe-ikkje eg.

Då eg kom heim, ca klokka 15 var det enno fint og lyst  og opplett, men det mørknar fort- Etter at eg hadde fått meg eit skikkelg måltid, sette eg meg inn i stolen men det vart ikkje varmt nok, så eg var ut og henta veg og fekk opp tempen, så no kan eg ha det varmt og koseleg resten av kvelden-håper eg. 

I morgon er det fredag og vaskedag.det er no ikkje så mykje arbeid akkurat. Men jammen går vekene fort -helgane kjem ofte. Det einaste eg er misnøgd med er at eg ikkje kan gå tur på Vernet , men eg håper og trur at foten kan bli bra igjen ein gong. 
 

                                              Kanskje ligg plenen kvit i morgon?

onsdag, november 12, 2025

Dagbok 2025: 12.november

Dette bildet tok eg klokka 16.30 i dag. Det var mykje mørkare ute då, enn det vi ser på bildet. 


 Klokka er no16.55, det er + 6 grader C ute og det regnar. Ja, eg likar ikkje regn, men det er no betre enn snø, for meg i alle fall.

Eg var litt i tvil om eg skulle fare på "Spansken" i dag, men det vart til at eg for.

Då eg kom ned dit vi held til, var rommet stappfult, ikkje av spanskstudentar , men av slike som vart skolerte i bruk av telefon m.m. Eg skulle sikkert ha vore der eg og, men Terje kom og henta meg , og så gjekk vi på eit anna rom, der spanskstudentene skulle halde til. Vi var ikkje mange i dag, tre studentar og to lærarar.  Men vi hadde det kjekt og lærte ganske mykje i og med at det var så mange lærarar. 

Eg hadde lova Marit å komme opp når eg kom heim att, for vi har ikkje vore i lag på lenge av ymse grunnar-. Vi hadde sjølvsagt mykje å prate om.

Då eg kom heim att laga eg meg middag, i dag vart det steikte kjøttpølse og steikt poteter-eg kokte så rikeleg i går at det heldt i dag også. No er dagen nesten til ende og eg har ikkje utretta mykje, men no skal eg sette på TV-en og ta fram strikketøyet.

I morgon er det trening og då blir Marit med viss det går etter planen. Det er spennande no korleis veret vert framover, om det kjem snø eller is på vegane. Eg er glad for å vere skodd med piggdekk. Det har eg ikkje hatt på mange år. Eg har hatt såkalla heilårsdekk, og det har gått heilt fint. Men no meinte Rasmus at eg ikkje kunne ha dei lenger. Så han sørga for at eg fekk dekkskift.Og takk for det!

I morgon skal eg kanskje på byen med Ragnhild.

tirsdag, november 11, 2025

Dagbok 2025; 11.november


Klokka er no 18. 05 Temperaturen ute er ca+10 grader C  og det regnar. Eg likar ikkje så godt regn, men snø er verre, for den må vi moke vekk. PÅ bildet over ser de kvar eg sit no, på det såkalla kontoret mitt, eller datarommet. Det er kjekt å ha dette vesle rommet , for her blir det fort varmt når eg set på ein elektrisk omn, Her sit eg mykje med datamaskina. I dag har eg jobba litt med spanskleksa til i morgon. Eg har også printer så eg kan printe ut det eg skriv. Dette er sjølvsat ting som eg skaffa meg den tida eg jobba i skulen. Men det er kjekt å ha no også. Eg skulle berre ønske at eg var flinkare å skrive på tastaturet for det går litt seint. Høna som står der på hylla vann eg på ei utlodding i pensjonistlaget-det var i påsketider.

I dag har eg vore på trening, godt å vite at eg har fått vinterdekka på bilen, så eg slepp å vere redd for glatte vegar. Eg handla på KIWI på veg heim. I dag fann eg spekesild i fryseboksen, så den tok eg med heim. Eg laga kålstuing og kokte poteter etc, men eg vart skuffa over silda, den var ikkje så god. Eg er vand til den gode kryddersilda på Spar, så dette vart nedtur. Men så veit eg det til ein annan gong.

Eg jobbar litt treigt med spansken for tida, men eg har no i alle fall gjort leksa til i morgon. Spansk er heilt greit så lenge eg har ein tekst å lese og omsette, det er når eg skal lage setningane sjølv at det blir vanskeleg, men det er ingen som tvingar meg til å lære språket, det bestemmer eg sjølv. Men det er kjekt å ha noko å gå til. Eg kan ikkje sitte her åleine og strikke heile tida.

Dagane og vekene går fort no fram til jul, men eg synest det er mørkare enn det brukar å vere, kanskje fordi det er så overskya.


mandag, november 10, 2025

Dagbok 2025: 10.november


Tussa-parken


 Klokka er no 17.56 og temperaturen ute er ca+8 grader. Det har regna meir og mindre i dag, og dagane er no så korte at dei er over før ein har ete middag.

For ei tid sidan kjøpte eg nokre brukte vinterdekk frå ein kar i Volda; det var Rasmus som ordna opp , pr. telefon og datamaskin. Men eg tok imot dekka og hadde dei i garasjen. Meininga var at Einar skulle komme og sette dei på når det begynte å bli glatt etc. Men så reiste Einar til London, og eg måtte begynne å tenkje på korleis eg skulle gjere det. Eit par dagar med litt glatte vegar gjorde at eg tenkte meir på det. Men så vart det fint og varmt igje. Nok om det, eg forstod at eg måtte ordne opp sjølv så i dag fekk eg piggdekka inn i bilen og køyrde ned på den verkstaden der eg brukar å ta kontrollar. 

Der var dei veldig kjekke i dag også, så eg fekk "ordre" om å komme att om ein times tid. Og slik vart det. Det tok ca 1 time å utføre det dei skulle og eg sat på ALTI og drakk kaffi og åt Wienerbrød i ein halv time, så gjekk eg tur i hamneparken resten av tida, såg meg om og tok bilde. Eg er veldig sjelden der nede så det var kjekt å sjå seg om.Då eg kom bort til verkstaden igjen var bilen fiks ferdig og eg kunne køyre heim.

Her heime skjer det ikkje så mykje, eg har vore lat i dag, sett TV, strikka og etc-det er vel alt. Men i morgon skal eg på trening igjen. 


Er lurer på om eg greier å sette på "pynten " som Rasmus hadde på dei gamle hjula ?

søndag, november 09, 2025

Dagbok 2025: 9.november


Slik ser det ut frå trappa i kveld. Eg har vore inne heile dagen, berre så vidt eit lite ærend i garasjen.Eg har vore her åleine, har strikka og sett TV-og sove innimelllom.Temperaturen ute er+7 grader og det har regna i dag også. Det gjer ingen ting- berre det ikkje kjem snø og is.

Eg sov godt sist natt, dei nye sovetablettane virker godt, men då eg skulle sjå Gudstenesta på TV, sovna eg og sov gjennom hele programmet. Eg var i heile tatt veldig trøtt i dag. Men det er ikkje så farleg, eg har tid å sove.
Eg har ikkje gjort stort anna til nytte i dag enn å strikke og lage mat.
Men eit kvart skjer det no alle dagar, og i dag var det vaskemaskina. Eg hadde sett den på for å vaske ein genser. Då eg kom ned og skulle ta genseren ut av maskina var den dyvåt så det rann av den. Eg fekk ikkje til å sette på sentrifugering og då kjem tanken fort:Må eg ha ny maskin? Eg hatar å skifte ut maskinene mine, men eg er redd for at denne no takkar for seg. Eg har hatt den lenge. Eg kan ikkje vere utan vaskemaskin, det er greit, men det er eit styr med å skifte. Eg reknar med at viss eg må ha ny, så vil alle barna mine komme med gode råd og vink. Berre synd at Rasmus er så langt borte. Då eg skifta oppvaskmaskin var han her. Eg skal gi beskjed når eg veit meir.
No blir det vel å sjå om der er noko på TV, og garn har eg , så eg kan strikke. Det sørger Solveig for- I går kom ho med ein heil kartong med nytt garn til meg. Ho og Margrete strikkar alle slags fine genserar, men eg gjer ikkje det lenger, eg strikkar lester og stort sett berre det.
Eg tenkte å begynne litt på spanskleksa i dag, men eg finn den ikkje. Eli brukar å legge den ut på Datamaskina, men der var det ingen ting.
PS: Eg vaska ei bukse i vaskemaskina og då virka den ialle fall heilt fint.

 

lørdag, november 08, 2025

Dagbok 2025: søndag 8. november

 

                                              Utsikt frå altanen klokka 20.10 i kveld

Klokka er no19.57, temperaturen ute på trappa er + 10 grader, eg er glad så lenge vi får ha det mildt og snøfritt.

I dag har eg ikkje vore ut av huset ein gong, eg har vore inne, styrt litt i huset, strikka og fyrt i omnen. No trur eg at heile plommetreet er oppbrent. Eg venta Solveig og Margrete på besøk i dag,  dei kom ikkje før utpå ettermiddagen, men det var avtalt- Svein var også med. Vi drakk kaffi, åt kaker og prata. Kjekt å ha besøk. Sidan eg ikkje har vore på butikk t.d.idag har eg kjensle av at det har vore sundag, men så har vi kviledagen til gode.

No skal eg ta fram strikketøyet igjen og sjå om der er noko kjekt på TV.