onsdag, mars 23, 2022

Dagbok 2022: 23.mars

                                                 Hestehov

Den tida eg budde på Eid hadde eg ikkje sett hestehov anna enn på bilde.Eg trur ikkje der var slike blomster der- for eg vart ikkje kjend med denne sorten før eg kom til Ørsta- I dag såg eg årets første på vegkanten på Hauagjerdet då eg gjekk heimover.

Dette har vore ein rar dag, ikkje noko har vore heilt normalt. For det første har eg vore heilt utan bil, så eg gjekk ned til Bakk-Ola då klokka var vel 10, men eg kom no fram i god tid. Det var nest siste spansktimen før sommaren. Etter spansken skulle det vere styremøte i pensjonistlaget. Det var litt rart å ikkje skulle vere med, men gå derifrå. Eg har tross alt vore med i styret i 11 år-like lenge som eg har vore med i pensjonistlaget. Eg gjekk den gamle Engesetvegen nedover og ein annan veg heim. Det er så sjelden eg går langs desse vegane at eg kjenner meg ikkje att. Der er mange nye hus og eg kjenner ikkje dei som bur der. Ørsta er så stort no at her er mykje folk eg ikkje kjenner. Klokka var over halv to då eg kom heim, men eg laga ikkje middag, for eg hadde kjøpt ein salat med brød til på Bakk-Ola.

Eg hadde ingen planar for resten av dagen, men her var no litt å plukke med likevel. Så sette eg meg til å sjå TV og strikke. Då høyrde eg ein liten lyd frå telefonen, men eg forstod ikkje kvar den var. Eg leita i alle rom, i vesker og lommar, i kjøleskap og frysar, på bad og i kjellaren, men telefonen var ikkje å finne. Eg var heilt sikker på at eg hadde den med heim for eg hadde lagt bildet av hestehovane inn på datamaskina. Eg sende melding til Marit og ho ringde meg opp, og då fann eg telefonen- oppå den oransje sofaputa-godt synleg. Det var nesten godt gjort å ikkje sjå den. Hadde vel lagt den frå meg mens eg heldt på å vatne blomster. Eg venta delvis på at dei skulle ringe frå bilverkstaden-men dei er vel ikkje ferdige med bilen. Marit køyrer til treninga i morgon, og ho køyrer meg vel ned viss eg skal hente bilen også.


I dag fyller Ingeborg 29 år, heilt utruleg kor fort tida går, fortare og fortare til eldre ein blir. Det er noko alle gamle erfarer. Ingeborg bur i Oslo no og er utdanna lektor. Ho jobbar på ein skule i byen.  Eg hugsar henne godt frå ho var bitte liten for då var ho ofte her hos oss, og vi med dei. Det er gjerne slik med den førstefødde. Når det blir fleire å frakte på, blir ein meir stadbunden. Eg er stolt av og glad for at eg har så kjekke og flinke barnebarn
 

No er klokka 17.40, det er + 11 grader ute og det har vore mykje fint ver, men no står det på skjermen min: Regn kommer. Så veit vi det

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...